Eksamenstid

Share

450px-Valle_bibliotek

-Kva har du gjort i dag? er eit spørsmål ein kan få av og til. Dei siste vekene har vi hatt trening til eksamen på Valle Vaksenopplæring, og i dag var det tid for muntlig kommunikasjon.

I går hadde elevane lytting, leseforståelse og skriving. No kan dei ta det her i Valle, for nokre år sidan måtte vi reise til Kristiansand for å ta Norsk språktest. Men den er blitt digitalisert og kan no takast lokalt, det er ein stor fordel.

Så dei siste vekene har vi trent ekstra på lytting, leseforståing og skriving i tillegg til muntlig kommunikasjon. Testen er jo noko kunstig, elevane kjem inn to og to og skal snakke aleine og saman om oppgitte tema vi får frå eksamensnemnda i Oslo. Spørsmål om buss og trikk, kollektivtransport i det heile, er litt irrelevant i Valle, så når det kjem slike spørsmål, slit elevane våre. Det hadde vore betre med eit spørsmål om nytten av å ha bil når ein bur i grisgrendte strøk. Då ville dei hatt mykje å snakke om.

Om du hugsar tilbake til då du var oppe til eksamen, veit du at ein ofte kan vere nervøs når ein kjem inn til ein slik test. Vaksne elevar som har vore gjennom tøffe tider og har flykta frå land med krig, er neppe mindre nervøse enn vi var. Når det i tillegg er ein av årets varmaste dagar, må ein turke sveitte både i hender og panne.

Om lag 20 minutt får dei til saman for å vise kva dei kan i ein slik test i munnleg kommunikasjon. Det startar som oftast med at dei skal fortelje litt om seg sjølv, tanken er at det skal gjere dei litt mindre nervøse og hjelpe dei til å kome i gang. Men så er det alvor, med samtale om tema dei får oppgitt., aleine og i dialog med kvarandre.

Og plutseleg er tida ute, kan hende hadde ein meir ein skulle ha sagt, men som ein ikkje fekk bruke. Nokre er skuffa over seg sjølv og føler at dei ikkje gjorde det bra, andre opplever at det var hyggeleg og ikkje så veldig vanskeleg. Noko har sin grunn i førebuingane, meir skuldast nok arbeidet gjennom vinteren.

Men først i juli får dei vite resultata. Så dei kan vere nervøse ei stund framover enno. Og som alle andre skular held også denne fram etter eksamen, men då vil vi nok ofte oppleve at elevane er noko utlada og ikkje alltid like motiverte for tradisjonell undervisning. Men vi får prøve å bruke tida på best mulig vis fram mot sommarferien.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *