Feil namn

Share
Utsikt sørover Håhellervatn. Foto: Reidar Tveito
Utsikt sørover Håhellervatn. Foto: Reidar Tveito

Tysdag hadde Ole Birger Lien eit bilete i Setesdølen frå eit islagt Håhellervatn. Eg tenkte eg ville skrive om vatnet på Setesdalswiki og googla for å finne meir informasjon. Til vanleg dukkar yr.no opp nokså fort når eg skal finne geografiske namn, dei skryt jo av å ha over ein million namn. Men her var det ingenting.

Imidlertid dukka det opp ei lenke til Kartverket, og då eg opna den, fekk eg vite at det offisielle namnet på Håhellervatnet er Sandvigvatnet. Håhellervatn er godkjent, men ikkje tilrådd.

Eg vil tru at dei fleste i Setesdal tenkjer på vatnet under Roskreppdammen som Håhellervatn. Sandvigvatn kan vere namnet på alle vatn som har sandviker, og det er mange, men Håhellervatn trudde eg var nokså unikt. Imidlertid syner det seg at Kartverket godkjende namnet Håhellervatnet på eit tjern i Forsand kommune i 1981, same året som vatnet på grensa mellom Valle og Sirdal fekk namnet sitt. Då hadde det frå 1966 hatt namnet Håhellervatnet, likevel vart det endra. Forstå det den som kan.

Du kan lese meir om Håhellervatn på Setesdalswiki.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *