Fotball-EM

Share

Eg ser at mange gleder seg til fotball-EM som vart sparka i gang i kveld, men at det og er nokon som gleder seg til uteliv der ein kan sleppe fotballen.

Det er jo mykje sport på TV, så ein kan jo finne noko anna om ein synest det vert for mykje fotball. Sykling, til dømes. I dag måtte Edvald gje tapt opp bakkane, men han har framleis grøn trøye der nede i Frankrike. Og snart er det Tour de France, då kan vi sitje inne heile juli og sjå på TV.

Men det var imponerande å sjå Stade de France stappfull av fotballfolk i kveld, sjølv om eg ikkje fekk med meg det første målet.

Og så er det alltid ein ny artikkel å skrive på Setesdalswiki. I dag kom det sju nye artiklar, så du kan jo gå inn og sjå kva som står der. Klikk deg inn på hovudsida. Då kan du lese både om utstillinga på Setesdalsmuseet og om Hornnessangen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *