Gratulerer

Share

Valle-kommune-logo

Valle kommune kom på 3. plass i Kommunetesten 2016 som Forbrukerrådet arrangerte. Dei tok tre telefonar, sendte fire epostar og sjekka internettsidene etter 19 spørsmål. Også epostane hadde mange spørsmål, til saman kunne ein kanskje få 100 poeng, Valle fekk 82,5 medan Fedje, som kom best ut, hadde 83,2.

I Aust-Agder gjorde altså Valle det best, men Setesdal hevda seg godt med Bykle på 3. plass og Bygland på 5. plass. Iveland kom mellom Bykle og Bygland. Alle desse kommunane har felles mal for nettsidene sine. Evje og Hornnes kom på 9. plass, deira nettside har anna utforming.

Her er lenke til fylkesoversikt for Aust-Agder. Der kan du klikke på kommunen og sjå detaljar om korleis kommunane gjorde det i år og har gjort det tidlegare år.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *