Homme Boxer

Share

I ein hyggeleg prat med Rita Kile i Valle Radio i går fekk eg vite kva Homme Boxer er. Grunnen til uttrykket er at det kom inn ein kar i butikken og ville kjøpe det. Boxer underbukse av merket Homme, altså ikkje nødvendigvis dei underbuksene som Helge Homme brukar.

Rita har mange gode tilbod under Evjedagane i morgon og laurdag, 200 kroner i avslag på jeans, mellom anna. Det er no 7 år sidan ho overtok butikken Lars Kile etter far sin, og dei åra har visst gått fort, etter det eg skjøna. I år skulle ho ha sommarferie for første gong, men først håpa ho at mange folk frå dalen kom innom butikken på Evjedagane. Og på dei mange andre arrangementa på Evje i sommarmånadene, det er både vassfestival og jordbærfestival.

I morgon skal også Miljøgata gjennom Evje sentrum opnast. Det arbeidet har kosta 20 mill. og no har Evje fått litt meir ordna parkering. Framleis er det gratis å parkere på Evje, så mange som skal handle noko, stoppar heller på Evje enn å kjøre inn i ein by med parkometer. Hyttefolk og folk som bur på Indre Agder nyttar Evje, noko som gjer at handelen der går over det meste. Så kan dei jo også ha gode tilbod. Ikkje alle var like glade for miljøgata, utearealet framom butikkane vart redusert for mange, men det snakka vi ikkje om denne gongen.

Derimot snakka vi om Tae Kwon Do, Rita Kile var instruktør og tok bare ein pause i treninga medan vi var på lufta. No er det gradspassering for dei ivrige ungane i gruppa hennar. Sjølv har ho svart belte og har halde på med det i over 20 år, glimrande trening, sa ho.

Og frå hausten av kjem Lars Kile med i reklamesnuttane på Valle Radio.

No er miljøgata ferdig og Lars Kile har gode tilbod. Foto: Geir Daasvatn
No er miljøgata ferdig og Lars Kile har gode tilbod. Foto: Geir Daasvatn

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *