Komplikasjonar

Share

Etter kvart er vi blitt godt vande i Valle Radio når det gjeld utstyr og slikt, men føresetnaden er at Internett fungerer både i teknikken og i studio. I dag var ein dag då ikkje alt fungerte etter planen.

Grunnen til det var at Setesdal IKT flyttar frå Evje til Bykle og då må jo ein del endrast. I dag var det dei trådlause ruterane sin tur, noko som førte til at maskinar som nyttar trådlaus kommunikasjon mot Internett gjennom kommunen, ikkje hadde noko å kommunisere mot. Den kanskje mest kjedelege meldinga ein kan få når ein slår på ein laptop eller eit nettbrett, er vel at Du er ikke koblet til Internett eller Kan ikke koble til Internett.

Heldigvis var dei stasjonære maskinane ok, så vi kom oss på lufta og sendinga kunne gå som normalt. Dei gongene eg trong Internett frå studio, overtok eg plassen til Siri teknikar og kunne lese frå maskinen ho brukar, så sendinga gjekk ok på den måten.

Om det var våre problem med nettet, telefonleverandøren eller noko anna, veit eg ikkje, men eg skulle ha ein samtale om Ungdom mot Vold med organisasjonen sin leiar, men der kom eg bare til ein automatisk telefonsvarer. Då måtte eg improvisere som best eg kunne, og snu opp ned på planane, men heldigvis var det bare ein del av ein halvtime han skulle vere med i, så det gjekk seg no til etter kvart.

To personar med etternamnet Mosdøl gjorde kvelden til noko utanom det vanlege. Først hadde Olav Mosdøl andakt, det fungerte svært fint. Deretter hadde Tor Hallvard Mosdøl Sangkveld, og han hadde funne fram variert og velklingande musikk og sang, så det vart ei triveleg stund å høyre på han. Eg vonar dei kjem tilbake seinare.

Til slutt var det hyggeleg å ha eit gjenhøyr med Pieter Leebeek på orgelet i Valle kyrkje i kveldens Postludium. Det må eg skrive litt meir om seinare.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *