Kor var du då?

Share

I kveld vann Island fotballkampen mot England. Det ser ut til at svært mange sat fast framom tv-skjermen og fekk med seg hendinga. Om eg hadde vore heime, hadde eg vel gjort som dei.

Men eg var på Riksveg 9, reiste frå Statoil Rysstad klokka 20.55.

-Men høyrde du ikkje kampen på radioen? spør du.

-Nei, eg gjorde ikkje det, Å høyre på ein fotballkamp er slitsamt, det vert for mykje støy. Så eg hadde ein triveleg tur i bilen med kona som sjåfør. Det var først då vi kom heim at eg fekk resultatet, då skjøner du at eg kom heim bortimot midnatt.

For dagen i dag var siste dagen på Valle Vaksenopplæring før ferien. Vi starta klokka 8 og heldt på til klokka 16. Medan eg og Øystein var der, var våre respektive opptekne heime, Reidun med å rydde og pakke i bilen, Marit med å lage middag til oss.

Før fotballkampen hadde vi fire flotte timar i Berg, med utsyn mot Hovet og Bjørgum, god prat, framifrå lasagne, is, kaffe og rabarbrakake. Gode og mette sette vi oss i bilen og reiste til Eskeland. No skal det bli godt med sommarferie.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *