Milesteinar

Share
Ein rosebukett er ei fin oppmuntring
Ein rosebukett er ei fin oppmuntring. Takk for hundre nye artiklar. 

Når Setesdalswiki rundar eit nytt hundretal, brukar eg å skrive ein liten kommentar på Såpekassen, talarstolen der ein kan snakke om Setesdalswiki generelt. Det er mest bare meg som skriv der, til forskjell frå Wikipedia, som har både Tinget og Torget og der diskusjonane går høgt.

I dag runda vi 85700 artiklar med ein datoartikkel. I samband med det skreiv eg: Kvar månad treng jo minst 30 datoartiklar, så mange av artiklane våre er jo det. Men dei er viktige og syner noko av det som skjer i Setesdal den aktuelle dagen. Artikkel nr. 85700 kom i dag tidleg og var ein slik artikkel, nemleg artikkelen om 4. september 2016. Takk til Geir Daasvatn for også den artikkelen.

Vi brukar som regel ein snau månad på hundre nye artiklar, av og til har vi vore nede i hundre nye artiklar på to-tre veker. Så leksikonet veks litt nesten kvar dag. Og datoartiklane er blitt viktige, for dei fortel om ting som skjer i Setesdal og om kven som fyller år av dei som vi har artikkel med førdselsdato.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *