Oppfølging

Share

Siste veka har eg skrive på bloggen om dei gjestene og tema eg hadde i den aktuelle timen i Valle Radio tysdagskvelden. Det var fire gjester og fire tema: Farid Bouras snakka om Ungdom mot Vold, Rita Kile om Evjedagane 2016 og gode tilbod i butikken (Homme Boxer), Signe Sollien Haugå snakka om Setesdal OHOI, og Hege Jokelid snakka om møteaksjonen som ungdom i Indre Agder held på jordet hennar i Krossen på Evje.

Medan eg har skrive desse blogginnlegga, har eg tenkt på at Setesdalswiki og bloggen utfyller kvarandre, for etter kvart har Setesdalswiki fått artiklar om Ungdom mot Vold, Evjedagene 2016 og Teltmøte på jordet i Krossen 2016. Enno har vi ikkje fått artikkel om Setesdal OHOI. Det er ikkje alltid like lett å få på plass artiklar om Regionrådet sine prosjekt, for det er ikkje alltid så lett å få svar på dei grunnleggjande spørsmåla: Kven, kva, kor og korleis i det skriftlege materialet eg finn. Her kan det gjerast meir for å bli tydeleg.

Men Ungdom mot Vold har no fått artikkel på Setesdalswiki. Grunnen til det er at det har vore vanskeleg å bli enige om korleis artikkelen på Wikipedia skal vere, så eg og Farid Bouras har kome til at i staden for å slåss om korleis artikkelen skal vere på Wikipedia, kan vi lage ei artikkelsuite på Setesdalswiki no når han har vore i Valle Radio. Det gleder eg meg til, det skal bli spennande å skrive om noko som er litt i utkanten av Setesdalswiki sine vanlege emne. Artiklane der trur eg at eg vil samle i ein eigen kategori, dermed vil det vere råd å finne dei og sjå samanhengar.

Slik kan ein nok gjere med andre tema og . Jobben med å følge opp tema blir ikkje mindre etter kvart som vi får fleire artiklar, kan hende tvert om. Men eg ser jo at vi oftare enn før får blå lenker på dei tema som Setesdølen sine overskrifter dekker, og det er jo flott.

Samstundes ser eg at vi kan følgje opp tema som nok er dekka andre stader ved å ha ei eiga vinkling på det. Artikkelen om Tord Lien er ein slik artikkel. Der har vi teke med litt frå Wikipedia, men når vi knyttar artikkelen opp mot dei to kraftverka han har opna i Setesdal, får artikkelen sjølvstendig verdi, det er ikkje bare uttrekk frå Wikipedia.

Det ser ut til å vere nok tema å følgje opp framover, så det skal bli fint å få litt meir tid til slik skriving i tida som kjem. Då eg kom oppover til Valle i kveld, svinga eg forresten innom jordet i Krossen og tok eit bilete av teltet. Det kan fylgje bloggen i kveld.

Her er teltet der teltmøta på jordet i Krossen vert arrangerte. Foto: Harald Haugland
Her er teltet der teltmøta på jordet i Krossen vert arrangerte. Foto: Harald Haugland

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *