Orgel i Valle kyrkje

Share
Orgelet strekkjer seg ut over kanten av galleriet. Foto: Wim Kamp
Orgelet strekkjer seg ut over kanten av galleriet. Foto: Wim Kamp

Fram til 1934 var det ikkje orgel i Valle kyrkje. Då kjøpte kyrkjelyden eit brukt orgel. Det kom frå Vår Frelsers Gravlunds kapell i Oslo og var bygd i 1882. Det var lite, hadde bare fem stemmer i manualet og ein i pedalen.

I 1968 bygde Vestlandske Orgelfabrikk eit orgel med to manual der dei brukte om att pipene frå 1882. I tillegg kom det nye piper laga av svært billeg materiale. Det var lite haldbart, så då Hylestad hadde fått eit flott orgel i 1991, tok ein til å tenkje på å få nytt orgel også i Valle.

Det orgelet som no står i Valle kyrkje, vart bygd i 1997 av Orgelmakereij Steendam frå Nederland. Det var ei utfordring å få på plass orgelet, for det er ikkje høgt under taket, så ein kunne ikkje få oververk, men måtte lage eit sideverk. I tillegg var ikkje galleriet djupt nok, så ein måtte forlenge galleriet med 90 cm. Når du ser bilete av orgelet, ser du at det strekkjer seg ut over kanten av galleriet. Orgelet fekk 18 stemmer og fungerer godt både til å akkompagnere sang og til å gje konsertar. Klangen tar utgangspunkt i det som var karakteristisk for den nederlandske orgelbyggingsstilen frå midt på 1800-tallet, altså den tida kyrkja vart bygd. Det har eit kraftig hovudmanual og eit svakare andremanual.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *