Sang trekkjer folk

Share

I kveld vart det ein film på TV. Eg har sett han mange gonger før, men når han kjem på TV, blir det ofte til at eg ser han ein gong til. Filmen heiter Sister Act og handlar om ei songarinne som er truga på livet og må vernast. Ho vert gøymt i eit kloster, og der får ho i oppgåve å vere dirigent for koret. Ho fyller kyrkja og får endåtil syngje for paven. Då ho kom dit, kom det nesten ingen i kyrkja, men ho fornya songen og då strøymde folket til.

Det minna meg om det som eg las i boka Arne Aano – Med trekkspel og bibel denne veka. Det er ei lita bok på vel hundre sider ført i pennen av Liv Randi Bjørlykke. Den kom ut på Lunde forlag i 1982 og eg fann henne hos NMS Gjenbruk og kjøpte den for ein femmar. Her fortel Arne Aano om då han og kona Gislaug kom til Macao i 1979:

Neste stopp var Macao. Her har NLM berre hatt arbeid i 4-5 år. Dette området minner mykje om Las Vegas, ein speleby med eit nokså utsvevande liv. Her skulle me ha møte klokka fem. Det utrulege hende: Det kom ikkje ei einaste sjel. Me sat der åleine med misjonærane Magne Vistnes og Magne Gillebo. ….. Eg sat ei stund og tenkte og bad til Gud. Kva skulle me gjera. Det mangla ikkje på folk i gatene. Då tok me rett og slett trekkspelet med oss og gjekk ut. Opp ei gate og ned ei gate bar det medan eg spelte og song det beste eg hadde lært. Navnet Jesus blekner aldri, tæres ei av tidens tann. Snart var det ein hærskare bak oss av born og vaksne. Då vi toga attende til forsamlingslokalet, vart huset stappfullt.

Boka gjev interessante glimt frå forkynnarlivet slik Arne Aano opplevde det, og det stemmer med slik filmen skildrar det, sangen fyller kyrkjer og forsamlingshus. Så vi burde synge meir.

Arne Aano

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *