Setesdal ÅHOI

Share
Foto: SIri Johannessen, henta frå Setesdalswiki
Signe Sollien Haugå. Foto: Siri Johannessen, henta frå Setesdalswiki

Eg held fram med å skrive frå sendinga tysdagskvelden. Då snakka eg med Signe Sollien Haugå om prosjektet Setesdal ÅHOI. Eg siterer frå omtalen på regionrådet sine sider (kursiv tekst):

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit eige program der dei deler ut midlar til verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda.  Blant over 30 søkjarar og av ein pott på 10 mill. vart Setesdal tildelt 1,8 mill. – resten gjekk til 9 andre prosjekt.

Ordninga er distribuert via Oppland fylkeskommune, og prosjektleiar Ola Idar Løkken ,  hadde innstilt på løyvingar til søknader som omhandla entreprenørskap der ungdom blir involvert,  eller har fokus på ungdom.  I tillegg la dei vekt på potensiale for verdiskaping og moglegheiter for varig næringsutvikling.

No er det tid for å tenke korleis dette skal realiserast. Det er sett opp nokre mål:

Setesdalsprosjektet skal:

  • introdusere, motivere og mobilisere yngre folk til å ta del i samfunns- og næringsutviklinga
  • skape fundament og regionalt nettverk/arenaer for kreativitet og fornying
  • kople eksterne kompetansemiljø og lokale ressurspersonar /grupper for gjennomføring av tiltak.
  • Bringe nye impulsar og medverke til at det blir skapt aktivitetar som appellerer til fleire og yngre
  • Vekke heimkjensle,  lyst og tru på å skape og bu i Setesdal framover.

Prosjektsøknaden tok utgangspunkt i erkjenninga at unge må få både få makt og påverknad i høve kva form og måte ein skal arbeide med dei tiltaka dei meiner er viktige. «Ungdomspanelet» som var med på Arendalsuka vil bli førespurt som kjernegruppe i organisering og konkretisering av vår ungdomssatsing. Utlysinga av fjellregionssatsinga treffer mykje av det som har kome opp i ulike drøftingar her – både når det gjeld kopling mellom næringsliv og relevante utdanningstilbod til arbeidsmarknad / rekrutteringsbehov og ikkje minst gründerskap.

Den som har idear til å realisere noko av målsettinga, må ta kontakt med Signe på sms eller epost til regionrådet, fortalde ho i radioen.

Min reaksjon var at å ha regionrådet i arbeid er lønnsomt for regionen. Å få 1,8 millionar til næringssatsing hadde nok ikkje ein kommune klart åleine. Så no bør ein legge stridsspørsmål til sides og stå saman om å realisere noko som kan skape ny glød og driv i heile Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *