Setesdalswiki veks

Share

Frå vi starta Setesdalswiki i april 2009 til no har nettstaden blitt endra, og etter kvart vil det nok skje fleire endringar. Den største endringa var vel då vi fekk inn datoartiklar, det som gjer at vi på framsida kan ha oversyn over folk som har fødselsdag denne dagen. I dag var Torleif Harstad 69 år.

Dette har og gitt oss høve til å ha ein kalender med hendingar på dagen i dag. Nokre dagar er det ganske mange hendingar vi får med oss der.

Dette skuldast ikkje minst samarbeidet vi har med Setesdølen der vi får legge inn overskriftene frå avisa. Det gjev grunnlag for mange artiklar. Når vi og tek med dødsannonsene, blir det grunnlag for mange personartiklar over tid.

Over tid har vi og utvida med artiklar om folk som knapt har tilknytning til Setesdal, eg pleier å seie at dei kan få artikkel her om dei bare har reist gjennom dalen. Vi har nok eksempel på at det er artiklar om folk som ikkje har reist gjennom Setesdal også.

Eg har ei tid fundert på om det er råd å kome vidare og vil i framtida prøve å få med noko meir om eigedomar og eigedomsovergangar. Dei står jo oppførte i avisa kvar månad, og då kan ein hente informasjon frå avisa og over tid også få noko meir informasjon om bebyggelsen i Setesdal. Det vert interessant å sjå om vi får det til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *