Siste sending før sommaren

Share
No avluttar vi i radioen og kravlar oss vidare ut i sommaren. Foto: Brit Obrestad
No avluttar vi i radioen og kravlar oss vidare ut i sommaren. Foto: Brit Obrestad

I morgon er det siste tysdagssending før sommaren. Om ikkje nokon tek over stafettpinnen, er det kanskje siste tysdagssending i det heile, for når radioen startar opp att i september, er eg blitt pensjonist. Då bur eg i Mandal, så stemmen min blir nok bare av og til å høyre om eg skulle ringe inn i opi sending. Men om nokon vil overta tysdagssendingane, vil dei få ei triveleg oppgåve. Det har vore interessant å få lage programma med vekt på kristendom, kyrkje, kultur og etter kvart også nyheter frå kyrkje, kristenliv og lokalsamfunn. Ettersom eg har vore ansvarleg, har dei spegla tema eg har vore interessert i, slik vil det jo gjerne vere.

I morgon, tysdag 14. juni 2016 har eg sett opp dette programmet:

14. juni
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld
20.15 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

I denne tida har eg hatt Niklos K. Besteland med meg i programma Postludium og har lært mykje om kyrkjemusikk generelt og orgelmusikk spesielt av han. I morgon vert det også siste gongen Niklos er med i radioen om ikkje nokon tek opp tråden og får han med vidare til hausten.

Sjølv om det er siste programmet mitt i Valle Radio, er det ikkje eit mimreprogram. Det er laga etter vanleg lest, men Postludium er utvida med eit kvarter, ettersom Niklos ville at vi begge skulle ha med musikk til dette siste programmet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *