Takk

Share

I samband med at eg hadde siste sendinga i Valle Radio i kveld, har eg fått gode ord på Facebook som eg vil takke for.

I går skreiv eg at tysdagssendingane truleg vil bli avslutta om ikkje nokon melder seg til å ta over stafettpinnen. Vi snakka om det i kveld, og teknikar Siri Johannessen sa at ho ville ta over. Då har eg endå større grunn til å seie takk. Siri har vore teknikar for meg i fleire år no, så ho kjenner profilen på tysdagssendingane og kan både ta vare på og fornye. At Niklos også blir med henne vidare, er jo også flott, då vil ein kunne ta vare på særpreget som Postludium har gitt tysdagskveldane på ein god måte.

Siri ville gjerne ha meg i bakhand på det viset at ho skulle kunne drøfte med meg når det var noko ho lurte på, og det er jo ikkje noko problem i vår mobiltelefontid. Dermed får eg bidra litt av og til, og det har eg ingenting imot, å drive med radio har for meg gitt glede og inspirasjon i dei åra vi har halde på.

Takk til medarbeidarar i Valle Radio for oppmuntring og samarbeid. Lykke til med å lage radio vidare, de gjer ein stor jobb for bygda og Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *