Teltmøte

Share

Siste sak i den aktuelle timen på tysdag var om Teltmøte på jordet i Krossen på Evje. Då snakka eg med Hege Jokelid, det er ho som eig jordet saman med mannen sin. Dei hadde fått 12 rundballar i år før dei sette opp teltet, i fjor fekk dei bare ein. Men tysdag kom lydanlegget og alt var klart til å starte onsdagskvelden.

Det er sjette året dei har desse teltmøta, og teltet rommar 300, i helgene er det fullt, men i veka er det noko mindre. Dei har lagt opp eit omfattande program, komiteen startar alt i august med å planlegge møta neste år og fastlegge dato og avtale med talarhjelp. Torgeir Skrunes har vore med alle åra, dei to siste åra har også Nils Kåre Strøm blitt med i teamet.

Teltmøte har ein lang tradisjon om sommaren, så desse møta går inn i denne tradisjonen. Også i Valle har det vore fleire teltaksjonar dei siste åra, då med predikanten Martinsen. På Justøy har det vore bibelcamping rundt teltkyrkja i 50 år, der starta John Olav Larssen arbeidet i eit tidlegare sirkustelt.

Hege fortalde at dei hadde vore ein stor dugnadsgjeng til å få opp teltet i år, så det hadde gått fint, og etter seks år har dei nok fått rimeleg kompetanse på det. Men det er mykje som skal på plass, benker og plattform og instrument og lydanlegg. Predikanten Skrunes budde hos dei, så han hadde ikkje lang veg for å kome på møtet. Dei likte godt å ha predikant hos seg desse vekene, og når folk kom på møta og vart oppmuntra og oppglødde, var det eit triveleg arbeid å halde på med, meinte ho.

Vi snakka litt om pengar, og då fortalde ho at overskotet frå arbeidet vart delt mellom dei organisasjonane som hadde talarar i aksjonen, no altså Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet. Og møta vert overførde på Radio Evje, men ho trudde ikkje at dei hadde tenkt på å sende til heile dalen, så truleg er det bare i nedre delen av Setesdal ein kan høyre møta.  Det var og planar om å streame møta på Internett, men om dei har fått det til, visste ho ikkje då eg snakka med henne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *