Utslått

Share
I varmen får humlene det travelt. Foto: Brit Obrestad
I varmen får humlene det travelt. Foto: Brit Obrestad

Ein skulle ikkje klage på varmen, men i dag var det så heitt at eg vart heilt utslått. Det var ikkje før godt ut på kvelden at eg fekk energi til å skrive inn overskriftene i gårsdagens Setesdølen. Men så mykje meir enn det vart det ikkje i dag, med unntak av bloggen, då. Ny månad må ein i alle fall starte på, så får ein sjå kor mange dagar ein klarar å finne noko å skrive om.

Det skulle for så vidt ikkje vere så vanskeleg å finne noko å skrive om. Eg kunne jo skrive om at Setesdal Regionråd får 1,8 millionar til entreprenørskap med unge i førarsetet. Det var jo ein fantastisk nyhet som kom i går. Etter alle diskusjonane om regionrådet det siste året får vi så høyre at av  over 30 søkjarar og av ein pott på 10 mill. vart Setesdal tildelt 1,8 mill. – resten gjekk til 9 andre prosjekt. Ein kan bli utslått av mindre.

Eg kunne og skrive om at elevane på Valle vaksenopplæring hadde skriftleg språkprøve i dag og skal ha munnleg i morgon. Vaksenopplæringa har i alle år nytta bokmål i opplæringa, men i siste møte vedtok kommunestyret at ein no skal nytte nynorsk. Eg trur nok at vi vart litt utslått av det vedtaket, gjennom åra har vi bygd opp mykje materiell på bokmål som vel må leggjast vekk frå neste skuleår. Men dei elevane som har begynt å lære bokmål, får kanskje fullføre i den målforma, eg veit ikkje korleis det skal løysast.

I staden for å skrive om alt dette, vel eg å skrive om at ein og kan bli utslått av magesjau. Det er nokså grunnleggjande, når magen ikkje fungerer, blir ein vel meir utslått enn av det meste. Når maten kjem opp att, blir ein jo og slapp, så då er det best å halde senga mellom stunta. Sove seg i form att. God natt.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *