Til nytte

Share
Josephsbu. Foto: Reidar Tveito
Josephsbu. Foto: Reidar Tveito

I dag skreiv eg på Facebook:

Litt glede: Sitter og leser i jubileumsboka til Landeskogen, Fra sanatorium til fredssenter, hvor det er fortalt om situasjonen under krigen. Så blar jeg om til side 70 og finner at den siden handler om kaptein Nere Aakhus, og stoffet er sakset fra Setesdalswiki. Jeg tror det er første gangen at stoff fra setesdalswiki er brukt i en bok. Artikler på Setesdalswiki blir til i samarbeid, men det meste av denne artikkelen er skrevet av Siri Johannessen. Honnør! 

Målet med Setesdalswiki er jo at nettleksikonet skal vere til nytte. Som oftast ligg nytteverdien i at folk finn det dei leitar etter og er nøgde med det. Men her fekk forfattaren noko han kunne sitere direkte i boka.

Den siste halvtimen har det vore oppslag på dette på nettstaden: Evje barneskule og Jan Sverre Blankenberg Jensen, Setesdal Museum og Evje og Hornnes Museum, Josephsbu, Setesdølen nr. 19, 2016, Hornåsen bustadfelt, Bjørgulv G. Rysstad, Terje Thorsen og Solberglega. Turisthyttene er populære søk, men også det ein kan sjå og oppleve på ein ferietur i Setesdal. Så vi er til nytte.

Artiklane om Josephsbu og Solberglega er nye i dag, så det er nokon som fylgjer med på nye artiklar og ser kva som vert skrive. Eg snakka med Reidar Tveito i dag, og han sa at han hadde bilete av Josephsbu, og då eg kom heim etter å ha vore ute ein tur, hadde han lagt inn bildet. Eg nyttar det som oppslagsbilde på bloggen i kveld og takkar Reidar for at han deler av sine bilder frå turar i fjell og hei med lesarane på Setesdalswiki.

Det får vere alt for i kveld.

 

Eit flott jubileum

Share
Tore Godal med Fangenes testamente-diplomet. Foto: Harald Haugland
Tore Godal med Fangenes testamente-diplomet. Foto: Harald Haugland

Etter å ha skrive om programmet for markeringa av 100-årsjubileet til Landeskogen på Setesdalswiki, hadde eg fått lyst til å vere til stades for å finne ut meir om arrangementet. Den siste veka har eg også skrive om dei som hadde innlegg på arrangementet, om eg då ikkje hadde artiklar om dei frå før.

Eg hadde likevel ikkje skrive om Tore Godal før i dag tidleg. Eg googla ein del, men eg fekk ikkje nokon god samanheng i tankane mine før i dag tidleg. Då sette eg meg til å skrive, og då klokka var 10, var artikkelen klar, så då var det bare å kome seg i veg. Eg hadde i grunnen bare tida og vegen, men turen gjekk fint, det var ikkje særleg stor trafikk i Mandalen denne laurdagsføremiddagen, så 11.45 svinga eg inn på tunet på Landeskogen. Der var det helst vanskeleg å finne parkeringsplass, så mange hadde nytta høvet og kome til klokka 11, då dei opna.

Det var eit rikt program vi fekk i dei to delene. I utgangspunktet skulle ein kanskje ikkje tru at det var samanheng, og dei som gjekk i pausen, gjekk nok glipp av nokre perspektiv. Men dei var sikkert komne for å sjå bakover, etter pausen var blikket retta utover.

Leiaren i Landeskogens venner, tidlegare ordførar Knut A. Austad starta programmet med velkomsthelsing, deretter var det fylkesmann Stein A. Ytterdal sin tur til å helse frå regionen og gratulere med 100 år.  Så presenterte Signe Sollien Haugå jubileumsboka før vi fekk eit spennande, innhaldsrikt og tankevekkande kåseriforedrag av Halvor Fjermeros. Det må eg kome tilbake til i ein seinare bloggpost.

Ingvald Langemyr arbeidde på Landeskogen og Runar Granheim har sett musikk til dikta hans i samlinga Før og nå. Deretter så Helga Arntzen framover før vi fekk helsingar. Først ut var Astrid Moi som overrakte eit maleri som moster hennar hadde laga då ho var pasient på Landeskogen.  Ingebjørg Godskesen hadde sjukdomsforfall, så Leiv Rygg, som hadde vore leiar av komiteen for jubileet, bar fram helsing frå henne. Han las og opp helsing frå Leif Sigmund Hope i Diakonforbundet, som dreiv HVPU-heim i 20 år på Landeskogen. Deretter helsa Knut A. Austad frå Aust-Agder fylke, som overtok drifta av HVPU-heimen. Før Kulturpatruljen skulle ha avslutta arrangementet, var det også helsing frå Jon Rolf Næss i Setesdal Regionråd og Arve Rauk i Bygland Helselag, som var stifta året etter Landeskogen vart opna og der ein av legane på Landeskogen var sterkt involvert. Då var ein langt ute i den oppsette pausen, så Kulturpatruljen kom i staden inn i andre del av programmet.

I pausen mingla folk med suppetallerken, vaffel, kaffe og fann seg sete der det best måtte høve, kafeen er ikkje dimensjonert for 200 personar. Mange nytta høvet til å få med seg boka om Landeskogen, heilt fersk, normal pris 300 kroner, men ein hundrelapp i avslag denne dagen gjorde det til eit godt kjøp for dei som ville vite meir etter den innhaldrike første bolken.

Vi som samlast etter pausen vil nok seie at det ga rike perspektiv til festen og dagen. Då var Vidar Fjeldstad konferansier, og han kjente stoffet godt, han har vore med i arbeidet til Aktive Fredsreiser i mange år. Han presenterte bakgunnnen og statuttene for prisen, Tidsvitnet Tellef på 98 som skulle ha gjort det, hadde ikkje hatt helse til å reise til Landeskogen i dag.

Det e r Aktive Fredsreiser som deler ut Fangenes testamente, og då var det naturleg at Helga Arntzen presenterte organisasjonen. Det er ingen liten organisasjon, dei har nærare hundre personar på lønningslistene og har gjennom åra sendt over 300.000 unge og vaksne med bussar til konsentrasjonsleirar for å lære av historia. Vi fekk og ein presentasjon av kvifor PRIO – institutt for fredsforsking er med i arbeidet med denne prisen. Den var det Agnete Schjønsby, kommunikasjonssjefene deira, som stod for.

Deretter fekk vi Regndråpepreludiet av Chopin, spelt av Alfred Gammelsæter. Seinare i programmet spelte han ein eigen komposisjon basert på folketonar.

Tore Godal sitt foredrag om global helse og KZ-syndromet vil det føre for langt å gå inn på her, så det får kome seinare. Det han trekte linjer frå første bolken i programmet til sitt arbeid, det ga perspektiv og synte at kampen som Landeskogen har vore ein del av, så visst ikkje er over, sjølv om institusjonen i Grendi har fått andre oppgåver etter at tuberkulosen er nedkjempa her i landet. Ståande applaus for Helga og Tore avslutta samlinga, som heldt fram for inviterte gjester med middag på Revsnes om kvelden.

 

Sauer i vegen

Share
Foto: Privat, via nrk.no/sorlandet
Foto: Privat, via nrk.no/sorlandet

I dagens innslag frå nrk-Sørlandet klokka 18.45 handla det om sauer i vegen. Det handal om vegen mellom Brokke og Suleskar. Vi såg Knut H. Nomeland som prøvde å få sauene bort frå vegen, og i samtalen med journalisten fekk eg med meg at han hadde mista to sauer som var blitt påkjørt. -Dei kan jo ikkje trafikkreglane, så her må bilistane vise omsyn.

Også Jorunn Synnøve Uppstad, leiar i Valle Sau og Geit, vart intervjua. På spørsmål om ein kunne gjerde inn vegen svarte ho som sant var at å gjerde inn slike lange strekningar ville medføre ei rekke ekstra ulemper både for folk som går i fjellet og for reinsdyra.

Det einaste alternativet, så langt saueeigarane ser, er nok at folk tek omsyn til at dei kjører på ein veg der det også er dyr. Då får ein ta det med «tolug mod», som dei gamle sa. Om ein gjer det, kan ein gle seg over den flotte naturen på høgfjellet i staden for å ergre seg over sauene som går der.

 

Indre Agder-leksikon

Share
Tveit skule 1924 er eit bilete på Setesdalswiki. Her er også namn på alle elevane, men bare læraren har fått artikkel til no.
Tveit skule 1924 er eit bilete på Setesdalswiki. Her er også namn på alle elevane, men bare læraren har fått artikkel til no.

Setesdalswiki er ikkje bare eit Setesdal-leksikon, men eit leksikon der stoff frå Indre Agder også er teke med. Då vi starta, var Iveland med i Setesdal Regionråd og høyrde til Setesdal, så sjølv om dei gjekk ut av regionrådet, har stoff frå Iveland vore med heilt frå starten. Etter at vi fekk avtale med Sigurd Haugsgjerd om å skrive inn stoff frå Setesdølen, har også Åseral-stoff hatt sin plass i leksikonet. Smått om senn er også anna stoff frå Indre Agder kome med, litt etter innfallsmetoden.

I sommar har vi hatt ein stor produksjon av nye artiklar. Dei spenner ganske vidt. Her er eit oversyn frå denne veka:

Sjølv om artiklane ikkje er så lange, er dei med på å fylle ut biletet av Indre Agder. Og kvar dag er folk innom og finn noko av interesse.

Rulleski i regnver

Share
Foto: Ivar Brekken
Foto: Ivar Brekken

Eg hadde i grunnen sett fram til programmet på NRK i dag der dei skulle overføre heile langløpet på 60 km frå Blink-festivalen på Ålgård. Der løpet starta har eg sprunge mange gonger for å rekke bussen til Sandnes då eg gjekk på realskule og gymas.

Medan vi såg på løpet, sa vi til kvarandre at no var det lenge sida vi hadde kjørt på dei vegane, nokre av strekningane meinte Reidun at ho knapt kunne hugse vi hadde kjørt.

Det var difor eit triveleg gjenstyn med område som eg hugsar frå ungdomstida, men no er det nesten 50 år sidan eg budde på Ålgård, så mykje har forandra seg. Sjølv om vi har vore på besøk der tidvis, har det gjerne blitt at vi besøkte familie, så å vere turist i mitt heimemiljø hadde vore fint.

Å gå 60 km på rulleski i regnver må vere ein kraftprøve av dei store. Mange kjente skiløparar stilte til start, og NRK synte alt saman. Det var ikkje mange fall, hoppa over feristene var elegante for dei fleste, i alle fall når dei fekk litt fart og ikkje var midt i feltet.

Eg kunne ikkje anna enn å bli imponert over trenarane som sykla dei 60 km med stav i handa og drikkeflasker for å hjelpe utøvarane sine. Då eg sa det til Reidun, meinte ho at det kanskje var fleire trenarar som bytta på sykkelturen.

Mange hadde trudd at det skulle bli avgjort i bakken opp frå Oltedal, men truleg var veret slik at det ikkje var råd å få ei luke for dei som prøvde. Det plaska ned, reporteren snakka om at dei hadde skjermar på skia så det ikkje skulle sprute så mykje på dei som kom bak, men eg tenkjer nok at dei var gjennomvåte både i sko og resten av klede og kropp når dei kom i mål. Dei såg likevel ut til å ta veret med fatning, ofte er det vel slik at regnet er verst før ein kjem ut.

Eg fekk Gjesdalbuen, avisa frå Ålgård i går. Der var det mykje stoff om arrangementet og oppfordring til folk om å ta seg ut og lage folkefest. Men veret gjorde at det ikkje vart som vi kan sjå i Tour de France, der tusenvis av folk kransar løypa. Her fekk dei nok gå i fred for det meste, det var bare dei mest ihuga entusiastane som tok seg ut for å sjå løpet live, som det heiter på moderne språk.

Men for oss som sat i sofaen heime, var det god underhaldning, sjølv om vi måtte bytte kanalar nokre gonger. Det er jo ikkje populært, men det gav NRK høve til å syne nokre fleire reklameplakatar og kanskje dermed å kunne skrive nokre fleire rekningar til sponsorane. For meg og Reidun er det jo også interessant at bildene vart formidla av Sigmund, yngste sonen vår, som jobbar i selskapet som stod for TV-produksjonen.

BIldet i kveld er det min gamle venn Ivar Brekken som har teke, han bur på VIP-tribune i høve til eit slikt arrangement, han har fått seg husvære i blokka over Amfi kjøpesenter på Ålgård.

Sykkelhistorie

Share
Åtte kvinner i Setesdalsdrakt på veg til Valle kyrkje (fire med sykkel). Dei fire syklistane er (f.v.): Tone Rygnestad, Gunhild Dale, Gyro O. Haugen og Gyro T. Rygnestad. A.B. Wilse 1934/ Norsk Teknisk Museum
Åtte kvinner i Setesdalsdrakt på veg til Valle kyrkje (fire med sykkel). Dei fire syklistane er (f.v.): Tone Rygnestad, Gunhild Dale, Gyro O. Haugen og Gyro T. Rygnestad. A.B. Wilse 1934/ Norsk Teknisk Museum

Då Tour de France vel var slutt sundagskvelden, fekk eg måndag morgon manuskriptet til artikkelen som stod i Setesdølen sist veke om lokale sykkelmerke voks fram for hundre år sidan.  Det var Johnny Haugen som hadde skrive den, og no skulle eg legge han ut på Setesdalswiki. Du kan lese han om du klikker på lenka over.

I tillegg til å legge ut sjølve artikkelen, kunne eg no lage artiklar om dei to sykkelmerka Kvikk og Stjerne. I tillegg fekk eg litt stoff om dei to gründerane Thomas Birkeland og Kervel Stålesen og dei som førte arven vidare, sønene Leif T. Birkeland og Olav T. Birkeland på Evje og Sverre Stålesen på Byglandsfjord. I alt vart det altså  sju nye artiklar og utviding av den åttande.

Johnny Haugen hadde også bilete av syklane og detaljar. Eit bilete som eg også kunne bruke låg på Wikimedia Commons, der var motivet fire jenter i setesdalsbunad på veg til kyrkja i 1934. Det var til og med håndkolorert, så det var fargerikt og fint og hadde namn på jentene med sykkel. Ved hjelp av barnebarnet Torbjørg fekk eg også stoff til ein artikkel om Gyro T. Rygnestad, men dei tre andre jentene har eg ikkje fått skrive om enno. Eg manglar informasjon om kva dei heitte etter at dei gifta seg, det er eit puslespel å finne dei når ein ikkje kan google. Men det ordnar seg nok etter kvart. Om du som les dette, har informasjon eg kan bruke, er eg takksam om du tek kontakt.

Stor takk til Johnny Haugen for artikkel og bilete. Det har vore inspirerande å legge stoffet til rette for bruk på Internett, og vonleg får det fleire lesarar også.

Litt av ein konsert

Share

Eg har fått tilsendt programmet for konserten som skal vere i Bykle kyrkje onsdag 27. juli 2016 klokka 19.30. Det første eg tenkte då eg såg programet, var at det blir litt av ein konsert! Det er gratis inngang og kollekt ved utgangen.

Eg har skrive artiklar om utøvarane på Setesdalswiki. Dei er Darya Katyba, song og Mats-André Soli, piano/orgel. Eg burde hatt bilete av henne også, men fann ikkje noko høveleg der ho er aleine.

Her er programemt deira:

Øistein Sommerfeldt (1919-1994): Kveldingseter, op. 33, nr. 2

Edv. Grieg (1843-1907): Solveigs sang, fra «Peer Gynt», op. 23

Edv. Grieg: Killingdans, fra «Haugtussa», op. 67

Ture Rangström (1884-1947): Sommarnatten

Wilhelm Peterson-Berger (1867-1942): fra «Marits Visor», op. 12 – Kom, bukken til gutten – Solen skinner vakkert om kvelden – Holder du av meg

Edv. Grieg: Notturno, fra «Lyriske stykker», op. 54, nr. 4

Maurice Ravel (1875-1937): fra «Fem greske folketoner» – Chanson de la mariée (Sang til bruden) – Là-bas, vers l’église (Der nede, ved kirka)

F. Mendelssohn (1809-1847): Neue Liebe, op. 19a, nr. 4 F.

Mendelssohn: Suleika, op. 34, nr. 4

Antonín Dvořák (1841-1904): Rusalkas sang til månen, fra operaen «Rusalka»

Joaquín Rodrigo (1901-1999): fra «Cuatro madrigales amatorios» (1947) – Con que la lavare? (Med hva skal jeg vaske meg?) – De los àlamos vengo, madre (Jeg kommer fra poplene, mor)

Kristian Hernes (1976-): Ave Maria

W.A. Mozart (1756-1791): Alleluia fra «Exsultate, jubilate», K. 165

Ennio Marricone (1928-): Nella Fantasia (I min fantasi) («Gabriels obo»)Sommarkonsert Bykle juli 2016

Sykkelfesten er slutt

Share

I dag vart Tour de France avslutta i Paris med dei vanlege rundane på Champs Elysee. Alexander Kristoff vart nummer tre og Edvald Boasson Hagen vart nummer fire.

Rittet har blitt sendt på TV2 i tre veker, så vi har hatt godt høve til å følgje med og oppleve underhaldning av høg klasse og idrett i ultraklassen. Helikopter svirrar over løypa og motorsyklar og bilar formidlar bilete frå løypa på ein svært sjåverdig måte.

Det er jo spektakulær underhaldning rundt løypa også. Mange nordmenn legg ferien til Frankrike i denne tida. Dei stiller seg opp langs løypa med vaflar og håpar Dag Otto Lauritsen skal stoppe og få seg ein smak. Og stoppar gjer han, kommentatorane er visst litt misunnelege på all den gode maten han får.

Eg måtte jo minnast Tour des Fjords i 2013, det starta jo i Valle. Då laga eg ein artikkel på Setesdalswiki med oversikt over alle deltakarane, det er jo slik, har eg sagt mange gonger, at har du reist gjennom Setesdal eller vore i dalen, kan du få artikkel på Setesdalswiki. Den er ekstremt inkluderande, heilt ulik Wikipedia, som har eit nasjonalt fokus.

Nå ville vel deltakarane i Tour des Fjords 2013 vore notable for artiklar på Wikipedia også, men eg er ikkje sikker på om dei har blitt omtalte der, nokon må jo skrive desse artiklane. Og artiklar om sportsfolk er vanskeleg å halde oppdaterte. Difor har eg ikkje skrive om dei enkeltvis. Det kunne/ burde eg gjort.

Men fleire av dei som vi har sett på TV desse tre vekene, har også vore i Valle. Dei sykla frå Valle til Stavanger i ausande regnver fredag 16.  august 2013. Det var ikkje bare Alexander Kristoff, men også mange av dei andre: Marco Haller, Julian Alaphilippe, Laurens ten Dam, Sep Vanmarke, Louis Meintjes og Vegar Breen.

Foto: Wikimedia Commons
Foto: Wikimedia Commons – Benoît Prieur (Agamitsudo) – CC-BY-SA

Ingen sommer uten reker

Share

Jeg tror Rønnaug og Lars Gustav Lyckander tenkte det jeg har som overskrift på dagens blogg: Ingen sommer uten reker. Derfor inviterte de oss på reker i dag. Vi svarte ja takk til det.

Men det er ikke så lett å finne reker i Mandal en lørdagsettermiddag midt i ferien. De måtte to turer til byen og nærmest drive reketråling på land. Ingen ferske reker var å oppdrive, men Meny hadde en palle reker da de kom dit på ettermiddagen.

Vi hadde droppet middagen da det ble klart at vi skulle ha rekekveld. Men feriegjestene skulle både finne pokemons og ha en badetur, så det ble kvelds før vi kunne samle oss rundt rekebordet. De hadde lagt under med ostesmørbrød tidligere, vi hadde også fylt på litt før festen.

Reidun stilte også med rullekake, du vet den som er Verdens nest beste, den med marengs og vaniljesauspulver i deigen, hvor fyllet er krem og bær. Så det ble en festkveld.

Takk.

Også de unge koste seg med reker. Foto: Harald Haugland
Også de unge koste seg med reker. Foto: Harald Haugland

Har du avbestilt?

Share

Jeg har vært med i Den norske bokklubben i svært mange år. Men ettersom bokhyllene mine er fulle, må jeg huske å avbestille tilbudene på bøker som de har. Som regel går det bra, men av og til glemmer jeg det.

For en uke siden kom det en epost som sa at Boken er sendt. Da skjønte jeg at jeg hadde glemt det igjen. Ja,ja, tenkte jeg, jeg får gi den bort. Jeg kan jo lese den om den ser interessant ut.

Isabel Allende: Den japanske elskeren var boka som dukket opp i postkassen tirsdag i denne uken. Hun har jo skrevet en rekke bøker, tenkte jeg. Det var hun som skrev Åndenes hus, den var jo populær, så jeg kan jo bla i den når jeg nå har fått den.

Dete gikk ikke lenge før jeg var langt inne i fortellingen. Den har en rammefortelling som handler om ei jente fra Moldova som tar seg jobb på et pleiehjem i California. Der møter hun en beboer som vil ha henne til ekstrahjelp, og ettersom den unge jenta er vennlig og omsorgsfull, får hun høre livshistorien til den gamle.

I fortellingen dukker det så opp en historie jeg ikke hadde hørt om før. Konsentrasjonsleirene som tyskerne opprettet er vel kjente, jøder ble gasset i hjel der og Hvite busser har tatt tusenvis av unge til dem. Men at amerikanerne opprettet konsentrasjonsleirer for japanere under 2. verdenskrig, det var ukjent for meg.

Jeg måtte slå opp på wikipedia, der står det at 120.000 japaner som bodde i tre stater mot Stillehavet, ble internert lenger inne i landet for å hindre at de spionerte for japanerne etter at landet kom i krig.

Japaneren vi hører om i boka her var en av de som opplevde dette. Dermed ligger en sann historie under romanens handling, og det gikk rimelig fort å bli fanget av fortellingens driv og nerve.

Den-japanske-elskeren