Musikkandakten 6. juli 2016

Share

I år vert det skipa til sommarkonsertar og musikkandaktar i kyrkjene i øvre Setesdal. Kvar onsdag er det musikkandakt i Hylestad kyrkje klokka 11 og i Bykle gamle kyrkje klokka 14. I tillegg er det konsertar i ulike kyrkje onsdagskveldane. Arrangementa er gratis, men det blir høve til å gi kollekt etterpå. I tillegg blir det omvisning i kyrkjene.

I morgon startar det heile i Hylestad kyrkje. Då spelar Henrik West, organisten vår dette programmet:

– Johan Lorenz (1610-1689): Praeludium (d-mol)

– Johann Pachelbel (1653-1706): Fantasia (d-mol)

– Samuel Wesley (1766-1837): Air & Gavotte

– Melchior Schildt (1592-1667): Allein Gott in der Höh sei Ehr

Tekstlesing

– Heinrich Scheidemann (1595-1663): Praeambulum in d

– Joh. Seb. Bach (1685-1750): Air (frå Ouverture i D-dur, BWV 1068, arr. Martin Bartsch)

– Georg Friedrich Kauffmann (1679-1735): Ich ruf zu dir, Herr Jesu Christ

Fadervår

– Joh. Seb. Bach: Vater unser im Himmelreich (BWV 737)

Velsignelsen

-J. S. Bach: «lille» preludium og fuga i G-dur (BWV 557, fra «de åtte små preludier», som med stor sannsynlighet IKKE er skrevet av Bach selv, men kanskje av en av hans elever).

I Bykle klokka 14 spelar han same programmet, men til utgang spelar han

– Andreas Kneller (1649-1724): Praeludium (G-dur)


Klokka 19.30 kan du høyre Kulturpatrulja i Bykle gamle kyrkje. Programmet deira kjenner eg ikkje, men truleg er religiøse folketonar på programmet denne kvelden.


Då eg såg det opplegget for sommarkonsertar som Henrik West har sett opp i år, vart eg minna om korleis vi hadde det i 1992 og nokre år framover. Då dreiv vi Vegkyrkje i Hylestad kyrkje med daglege musikkandaktar og guiding i kyrkja. No veit eg at kyrkja står open for folk som vil ha ei stille stund, at ein og får musikk og tekstlesing ein dag i veka er noko som kan gje ekstra bonus for folk som kjem innom. Lukke til med musikken og tiltaket!

Henrik West ved orgelet i Bykle kyrkje. I morgon spelar han i Hylestad kyrkje klokka 11 og Bykle gamle kyrkje klokka 14
Henrik West ved orgelet i Bykle kyrkje. I morgon spelar han i Hylestad kyrkje klokka 11 og Bykle gamle kyrkje klokka 14