Oppgradering

Share

Det vert gjort mykje arbeid for å oppgradere wikipedia året rundt. Programvaren som driv nettleksikonet heiter mediawiki, og no er det versjon 1.27.0 som gjeld både på Setesdalswiki og andre stader.

Som brukar vil du sjeldan merke noko til programvaren som ligg bak, men det er eit stort arbeid å oppgradere. I wikipediafamilien skjer dette i USA, men Setesdalswik har lokal server og oppgraderinga må då bli gjort lokalt.

I dag var dagen for vår oppgradering komen og vi kunngjorde det på toppen av alle sider i går, sitenotice kallast det. Frå klokka 12 i dag og nokre timar var Setesdalswiki ustabil eller nede, som det vart sagt. I kveld skulle alt vere i orden att, men så enkelt var det ikkje.

Når eg skriv dette, er det framleis ikkje bilete å sjå på vanlege datamaskinar, men dei skal vere synlege på mobile plattformer. Sjølv er eg gammaldags og likar bordmaskin best, så for meg er det ikkje råd å sjå bilete no.

Til vanleg er det folk ein kan spørje om hjelp, men det tek noko tid å få svar, ikkje minst no i sommartida, så vi får smørje oss med tålmod og vone at det ikkje går så lang tid før alt er på plass att.

Takk til Helge Haugland som gjer denne jobben for Setesdalswiki. Han fortener ein blomst for jobben.

Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad