Trollet i fjellet

Share
Trollet i fjellet over Hovet. Foto: Øystein Berg
Trollet i fjellet over Hovet. Foto: Øystein Berg

Eg har gått eit par veker og prøvd å tenke ut eit eventyr som skulle følgje bildet eg har på bloggen i dag. Jo meir eg har tenkt, jo meir imponert vert eg over dei som fortalde det som er blitt kjent som norske folkeeventyr. Dei må jo ha hatt ein opphavsperson som kunne klekke ut struktur og handling og alt anna som vi analyserer i eventyra i våre dagar.

Eg har tenkt på eit troll med tre hovud. Det kan vi sjå i berget over Hovet når lyset fell rett. Det eine hovudet er svært tydeleg på biletet, dei andre må ein sjå litt etter for å finne.

Eg har tenkt at dei var på veg inn i fjellet, og så snudde dei seg for å sjå at sola rann, om lag som kona til Lot som er fortalt om i Bibelen, ho vart til ei saltstøtte, dei vart til stein.

Men kva har dei vore ute i dalen for å gjere av trollskap? Å legge det ut i ei fortelling er ikkje så lett, så der har eg grunna og tenkt mykje. No lurer eg på om eg kanskje skal gje meg med spekulasjonane og heller overlate dei til dykk som les bloggen.

Kvar har vi vel våre tankar om troll og opplevingar av at sola står opp og syner trollskapen og at han vert synleg for ettertida.

Du må vel opne biletet og zoome inn før du oppdagar trolla, lukke til.