Sykkelfesten er slutt

Share

I dag vart Tour de France avslutta i Paris med dei vanlege rundane på Champs Elysee. Alexander Kristoff vart nummer tre og Edvald Boasson Hagen vart nummer fire.

Rittet har blitt sendt på TV2 i tre veker, så vi har hatt godt høve til å følgje med og oppleve underhaldning av høg klasse og idrett i ultraklassen. Helikopter svirrar over løypa og motorsyklar og bilar formidlar bilete frå løypa på ein svært sjåverdig måte.

Det er jo spektakulær underhaldning rundt løypa også. Mange nordmenn legg ferien til Frankrike i denne tida. Dei stiller seg opp langs løypa med vaflar og håpar Dag Otto Lauritsen skal stoppe og få seg ein smak. Og stoppar gjer han, kommentatorane er visst litt misunnelege på all den gode maten han får.

Eg måtte jo minnast Tour des Fjords i 2013, det starta jo i Valle. Då laga eg ein artikkel på Setesdalswiki med oversikt over alle deltakarane, det er jo slik, har eg sagt mange gonger, at har du reist gjennom Setesdal eller vore i dalen, kan du få artikkel på Setesdalswiki. Den er ekstremt inkluderande, heilt ulik Wikipedia, som har eit nasjonalt fokus.

Nå ville vel deltakarane i Tour des Fjords 2013 vore notable for artiklar på Wikipedia også, men eg er ikkje sikker på om dei har blitt omtalte der, nokon må jo skrive desse artiklane. Og artiklar om sportsfolk er vanskeleg å halde oppdaterte. Difor har eg ikkje skrive om dei enkeltvis. Det kunne/ burde eg gjort.

Men fleire av dei som vi har sett på TV desse tre vekene, har også vore i Valle. Dei sykla frå Valle til Stavanger i ausande regnver fredag 16.  august 2013. Det var ikkje bare Alexander Kristoff, men også mange av dei andre: Marco Haller, Julian Alaphilippe, Laurens ten Dam, Sep Vanmarke, Louis Meintjes og Vegar Breen.

Foto: Wikimedia Commons
Foto: Wikimedia Commons – Benoît Prieur (Agamitsudo) – CC-BY-SA