Sykkelhistorie

Share
Åtte kvinner i Setesdalsdrakt på veg til Valle kyrkje (fire med sykkel). Dei fire syklistane er (f.v.): Tone Rygnestad, Gunhild Dale, Gyro O. Haugen og Gyro T. Rygnestad. A.B. Wilse 1934/ Norsk Teknisk Museum
Åtte kvinner i Setesdalsdrakt på veg til Valle kyrkje (fire med sykkel). Dei fire syklistane er (f.v.): Tone Rygnestad, Gunhild Dale, Gyro O. Haugen og Gyro T. Rygnestad. A.B. Wilse 1934/ Norsk Teknisk Museum

Då Tour de France vel var slutt sundagskvelden, fekk eg måndag morgon manuskriptet til artikkelen som stod i Setesdølen sist veke om lokale sykkelmerke voks fram for hundre år sidan.  Det var Johnny Haugen som hadde skrive den, og no skulle eg legge han ut på Setesdalswiki. Du kan lese han om du klikker på lenka over.

I tillegg til å legge ut sjølve artikkelen, kunne eg no lage artiklar om dei to sykkelmerka Kvikk og Stjerne. I tillegg fekk eg litt stoff om dei to gründerane Thomas Birkeland og Kervel Stålesen og dei som førte arven vidare, sønene Leif T. Birkeland og Olav T. Birkeland på Evje og Sverre Stålesen på Byglandsfjord. I alt vart det altså  sju nye artiklar og utviding av den åttande.

Johnny Haugen hadde også bilete av syklane og detaljar. Eit bilete som eg også kunne bruke låg på Wikimedia Commons, der var motivet fire jenter i setesdalsbunad på veg til kyrkja i 1934. Det var til og med håndkolorert, så det var fargerikt og fint og hadde namn på jentene med sykkel. Ved hjelp av barnebarnet Torbjørg fekk eg også stoff til ein artikkel om Gyro T. Rygnestad, men dei tre andre jentene har eg ikkje fått skrive om enno. Eg manglar informasjon om kva dei heitte etter at dei gifta seg, det er eit puslespel å finne dei når ein ikkje kan google. Men det ordnar seg nok etter kvart. Om du som les dette, har informasjon eg kan bruke, er eg takksam om du tek kontakt.

Stor takk til Johnny Haugen for artikkel og bilete. Det har vore inspirerande å legge stoffet til rette for bruk på Internett, og vonleg får det fleire lesarar også.