Sauer i vegen

Share
Foto: Privat, via nrk.no/sorlandet
Foto: Privat, via nrk.no/sorlandet

I dagens innslag frå nrk-Sørlandet klokka 18.45 handla det om sauer i vegen. Det handal om vegen mellom Brokke og Suleskar. Vi såg Knut H. Nomeland som prøvde å få sauene bort frå vegen, og i samtalen med journalisten fekk eg med meg at han hadde mista to sauer som var blitt påkjørt. -Dei kan jo ikkje trafikkreglane, så her må bilistane vise omsyn.

Også Jorunn Synnøve Uppstad, leiar i Valle Sau og Geit, vart intervjua. På spørsmål om ein kunne gjerde inn vegen svarte ho som sant var at å gjerde inn slike lange strekningar ville medføre ei rekke ekstra ulemper både for folk som går i fjellet og for reinsdyra.

Det einaste alternativet, så langt saueeigarane ser, er nok at folk tek omsyn til at dei kjører på ein veg der det også er dyr. Då får ein ta det med «tolug mod», som dei gamle sa. Om ein gjer det, kan ein gle seg over den flotte naturen på høgfjellet i staden for å ergre seg over sauene som går der.