Ei ulukkeleg historie

Share

Oppreisning

Tysdag skreiv eg om Paul Olav Bodding, santalmisjonæren som overtok som leiar av arbeidet etter Skrefsrud og Børresen. Han kom til India i 1890, lærte språket svært raskt og vart etter kvart ein svært viktig medarbeidar for dei to pionermisjonærane.

Før han reiste ut, var Bodding blitt forlova med Clara, født Braathen. Ho reiste ut seinare, slik vanleg praksis var på den tida. Då ho kom til India ved juletider i 1891, gifta dei seg. Men ho døydde alt i 1892, bare få månader etterpå.

Børresen hadde ei dotter i India som og mista mannen sin i 1896. På den tida reiste ikkje misjonærane heim til Norge som dei gjer i våre dagar. Ho flytta heim til foreldrene i India og fru Børresen meinte dei to burde gifte seg i staden for å leve som enke og enkemann. Etter eit år gjorde dei det i 1897. Det var til og med ho som fridde, på santalvis, ved å spørje om han ikkje trong ei kvinne til å stelle for seg.

Men bare etter eit og eit halvt år, reiste ho frå han og flytta saman med ein muslimsk tenar ho hadde hatt i huset. Dei reiste til hans heimby, der ho vart lærar, fekk tre barn og budde til ho døydde der. Ho tok nytt namn og konverterte til islam.

Mange år seinare, men før hans andre kone var død, skilte han seg frå henne og gifta seg med ein kvinneleg lege som kom til India som misjonær. Det fekk folk heime til å slå handa av han, skilsmisse og gjengifte var på 1920-talet utenkeleg for kristne leiarar, same kva grunnen måtte vere, kunne dei ikkje gifte seg før ektefellen var død.

Det førte til at han gjekk av som formann for misjnen i India, men han vart verande i India i mange år som vitskapsmann. Då dei flytta heim, fann dei det uråd å bu i Norge, men busette seg i Danmark og levde der dei siste åra av livet.

Olav Hodne fortel at då Santalmisjonen si soge skulle skrivast, vart Bodding i stor grad utelaten frå den, ein kunne ikkje snakke om ei så tragisk sak. Det er grunnen til at boka han skreiv heiter Oppreisning. Han vil gje den strålande misjonæren sitt minne oppreisning.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *