Eit flott jubileum

Share
Tore Godal med Fangenes testamente-diplomet. Foto: Harald Haugland
Tore Godal med Fangenes testamente-diplomet. Foto: Harald Haugland

Etter å ha skrive om programmet for markeringa av 100-årsjubileet til Landeskogen på Setesdalswiki, hadde eg fått lyst til å vere til stades for å finne ut meir om arrangementet. Den siste veka har eg også skrive om dei som hadde innlegg på arrangementet, om eg då ikkje hadde artiklar om dei frå før.

Eg hadde likevel ikkje skrive om Tore Godal før i dag tidleg. Eg googla ein del, men eg fekk ikkje nokon god samanheng i tankane mine før i dag tidleg. Då sette eg meg til å skrive, og då klokka var 10, var artikkelen klar, så då var det bare å kome seg i veg. Eg hadde i grunnen bare tida og vegen, men turen gjekk fint, det var ikkje særleg stor trafikk i Mandalen denne laurdagsføremiddagen, så 11.45 svinga eg inn på tunet på Landeskogen. Der var det helst vanskeleg å finne parkeringsplass, så mange hadde nytta høvet og kome til klokka 11, då dei opna.

Det var eit rikt program vi fekk i dei to delene. I utgangspunktet skulle ein kanskje ikkje tru at det var samanheng, og dei som gjekk i pausen, gjekk nok glipp av nokre perspektiv. Men dei var sikkert komne for å sjå bakover, etter pausen var blikket retta utover.

Leiaren i Landeskogens venner, tidlegare ordførar Knut A. Austad starta programmet med velkomsthelsing, deretter var det fylkesmann Stein A. Ytterdal sin tur til å helse frå regionen og gratulere med 100 år.  Så presenterte Signe Sollien Haugå jubileumsboka før vi fekk eit spennande, innhaldsrikt og tankevekkande kåseriforedrag av Halvor Fjermeros. Det må eg kome tilbake til i ein seinare bloggpost.

Ingvald Langemyr arbeidde på Landeskogen og Runar Granheim har sett musikk til dikta hans i samlinga Før og nå. Deretter så Helga Arntzen framover før vi fekk helsingar. Først ut var Astrid Moi som overrakte eit maleri som moster hennar hadde laga då ho var pasient på Landeskogen.  Ingebjørg Godskesen hadde sjukdomsforfall, så Leiv Rygg, som hadde vore leiar av komiteen for jubileet, bar fram helsing frå henne. Han las og opp helsing frå Leif Sigmund Hope i Diakonforbundet, som dreiv HVPU-heim i 20 år på Landeskogen. Deretter helsa Knut A. Austad frå Aust-Agder fylke, som overtok drifta av HVPU-heimen. Før Kulturpatruljen skulle ha avslutta arrangementet, var det også helsing frå Jon Rolf Næss i Setesdal Regionråd og Arve Rauk i Bygland Helselag, som var stifta året etter Landeskogen vart opna og der ein av legane på Landeskogen var sterkt involvert. Då var ein langt ute i den oppsette pausen, så Kulturpatruljen kom i staden inn i andre del av programmet.

I pausen mingla folk med suppetallerken, vaffel, kaffe og fann seg sete der det best måtte høve, kafeen er ikkje dimensjonert for 200 personar. Mange nytta høvet til å få med seg boka om Landeskogen, heilt fersk, normal pris 300 kroner, men ein hundrelapp i avslag denne dagen gjorde det til eit godt kjøp for dei som ville vite meir etter den innhaldrike første bolken.

Vi som samlast etter pausen vil nok seie at det ga rike perspektiv til festen og dagen. Då var Vidar Fjeldstad konferansier, og han kjente stoffet godt, han har vore med i arbeidet til Aktive Fredsreiser i mange år. Han presenterte bakgunnnen og statuttene for prisen, Tidsvitnet Tellef på 98 som skulle ha gjort det, hadde ikkje hatt helse til å reise til Landeskogen i dag.

Det e r Aktive Fredsreiser som deler ut Fangenes testamente, og då var det naturleg at Helga Arntzen presenterte organisasjonen. Det er ingen liten organisasjon, dei har nærare hundre personar på lønningslistene og har gjennom åra sendt over 300.000 unge og vaksne med bussar til konsentrasjonsleirar for å lære av historia. Vi fekk og ein presentasjon av kvifor PRIO – institutt for fredsforsking er med i arbeidet med denne prisen. Den var det Agnete Schjønsby, kommunikasjonssjefene deira, som stod for.

Deretter fekk vi Regndråpepreludiet av Chopin, spelt av Alfred Gammelsæter. Seinare i programmet spelte han ein eigen komposisjon basert på folketonar.

Tore Godal sitt foredrag om global helse og KZ-syndromet vil det føre for langt å gå inn på her, så det får kome seinare. Det han trekte linjer frå første bolken i programmet til sitt arbeid, det ga perspektiv og synte at kampen som Landeskogen har vore ein del av, så visst ikkje er over, sjølv om institusjonen i Grendi har fått andre oppgåver etter at tuberkulosen er nedkjempa her i landet. Ståande applaus for Helga og Tore avslutta samlinga, som heldt fram for inviterte gjester med middag på Revsnes om kvelden.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *