Evjetun Bibelcamping 2016

Share

I dag skreiv Oddvar Høgevoll på Facebook:

  • «Mandag og tysdag (11 og 12.juli), blir det mykje song og musikk på Evjetun bibelcamp. Leirstaden som Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv, har årvisst bibelcamp i juli. Og førstkomande mandag og tysdag, blir det ekstra mykje song og musikk. For då stiller Oddvar Høgevoll med sitt Country/gospel-band som består av : Tor Arild Hopland, rytmegitar – Johnny Verdal, piano – Kjell Kvinlaug, trekkspel – Steinar Nedland, bass – og David Gård, trommer. Det er Per Tveten som er med som talar desse kveldane. VELKOMEN TIL EVJETUN, MANDAG 11. JULI, Kl 19.30.»

Det var altså i kveld bibelcampingen på Evjetun starta, og der har dei ikkje problemet som Justøy Bibelcamping har, at møta ikkje kan vere på campingen om dei skal nytte anlegg til sangen. Så Oddvar kan ha med seg vennene sine og spele av hjartans lyst. Per Tveten skal tale om kvelden, han kan du lese meir om på Setesdalswiki.

Eg har avtalt å treffe Oddvar på Evjetun i morgon og fortelje litt om Setesdalswiki. Han ville gjerne vite meir, så eg tek turen dit, kanskje får eg også nokon å skrive om. Om du har noko du vil få inn på setesdalswiki, kan vi treffast i morgon kveld på Evjetun.

Foto:Geir Daasvatn
Foto:Geir Daasvatn

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *