Festivalar i fleng

Share

Jim Rune Bjorvand skreiv bak på Fædrelandsvennen i dag: For ei uke. Det er rett og slett drømmeuka for oss som liker musikk og at det skjer ting på Sørlandet. Så nemner han fjortisane som var på Sørlandssenteret for å høyre Marcus og Martinus, Quart25, Bruce Springsteen i Oslo og Palmesus.

Men han nemner ikkje Ose Countryfestival 2016. Der var det musikk og song frå onsdag til i kveld. Der var det svært mange artistar, og Knut William Bygland hadde til og med funne plass til Oddvar Høgevoll, han starta konsertane i dag. I samband med det skreiv han på Facebooksida si:

At alle dykk mine vener på facebook, kjem til Reiårsfossen camp i morgon ettermiddag, er vel lite realistisk. Men at kvar ein av dykk er hjarteleg velkomen,det er i alle fall sikkert!
Eg hugsar for nokre år sidan no. Var på akkurat denne festivalen. Hadde ein «stand» der eg selde CD-plater og tala med folk. Så stod eg og såg opp mot scenen og tenkte: «Tenk om eg au hadde kunna entra den plattforma og sunge om berre ein av dei songane om Jesus og Himmelen! Men det blir nok aldri noko av.»
Men no skjer altså nettopp det! Midt under den tradisjonelle «Country-festivalen» på Ose, står Oddvar Høgevoll på scenen med fullt band, og syng at «Hele Himmelen er åpen over meg!»
Eg håpar at du bestemmer deg no, for å koma!
«Country/gospel – konsert» lørdag 2. juli kl 16.00.

Eg rota litt rundt på Facebook for å sjå korleis det gjekk, men fann ingen kommentar etter konserten laurdagskvelden. Men sundagskvelden 3. juli skreiv Oddvar:

Ja, no har eg fått oppleva det au, som eg har hatt ein indre draum om i mange år : Å stå på scenen på Reiårsfossen Camp, Ose i Setesdal, under Countryfestivalen, med mitt «Country/gospel-team»!
Eg takkar Knut William Bygland, som på denne måten åpna portane for ein liten alminneleg mann frå Longerak.. Eg ser veldig stort på det !
Ein alminneleg mann, men med ein sterk bodskap om frelse og evig liv i Jesus Kristus!
Ja, for det var dette dei fekk høyre, den ganske store flokken av fastbuande og tilreisande, laurdags ettermiddag, På Reiårsfossen Camp, lydde bodskapen, boren utover eit stort område av sterke høgtalarar, frå dyktige musikarar, som treivst godt i det dei fekk vera med på.
Desse var Tor Arild Hopland; rytmegitar – Glenn Håkon Langemyr; steel – Johnny Verdal; piano – Torkel Haddeland; el-gitar – Steinar Nedland; bass – og David Gård; trommer.
Mange takk til alle – og til Siri Marit Aasland, som og bidrog med flott song!

Ei stund var det litt usikkert om diakonitenesta i Setesdal kom til å vere med i år. Men så kom det melding om at dei likevel ville vere til stades på festivalen. Det har vore fint å ha dei der, for på slike festivalar skjer det av og til at folk treng litt hjelp og nokon å snakke med. I fjor var det visst litt problem, noko som gjorde det usikkert om dei ville stille opp i år, men Harry Andersen og Ann-Cecilie med fleire andre stilte opp.

Harry Andersen og dottera Ann-Cecilie var med i diakonitenesta på Ose Countryfestival
Harry Andersen og dottera Ann-Cecilie var med i diakonitenesta på Ose Countryfestival

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *