Gustav Wentzel i Setesdal

Share

For tre månader sidan skreiv eg om Erik Petri. Det skuldast at Setesdalsmuseet laga ei utstilling med arbeid av han på Bygland folkebibliotek. Dei fekk biografen hans på besøk for å fortelje om kunstnaren.

I samband med dette etterlyste Leonhard Jansen bilete av kunstnaren. Han fortalde at det var vanleg at ein kunstnar betalte for hus og kost med eit måleri, så han meinte det måtte vere nokre maleri av Petri i dalen. Då eg seinare spurde han om han hadde fått inn noko, kunne han fortelje at det hadde lukkast å få med lokale måleri på utstillinga.

Eg hadde nok tenkt at også andre kunne ha hatt det på same måten, og for ei tid tilbake fekk eg eit eksempel på det. Det var Gustav Wentzel denne gongen. Wikipedia fortel at han var i Setesdal i 1891 og seier «Dans i Setesdal[29] (1891) trekkes ofte fram som et bilde hvor folkelivsskildringen gis en mytisk, romantisk tone «med nedarvet middelalderlig poesi i en nordisk sommernatsstemning».»

Wentzel malte eit bilete av oldefar til Øystein Berg, Gunnar Aa. Bjørgum. Han sit i stova i Berg, med ein fot på peiskanten. Det må vere moro å ha eit slikt klenodium med lokal tilknytning.

Foto: Øystein Berg
Foto: Øystein Berg

Ein tanke om “Gustav Wentzel i Setesdal”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *