I historisk lys

Share

Aviser er for mange bare aktuelt stoff. Når kvelden kjem, blir avisa kasta og neste morgon kjem ei ny.

Dersom du ikkje alt har kasta dagens Fædrelandsvennen, bør du bla deg bakover til side 48 og lese artikkelen Alf – den glemte telegrafisten. Den handlar om Andreas Lone frå Flekkefjord. Han var fødd i 1909 og døydde i 1981. Livet hans var så rikt på hendingar at det er godt gjort å få plass til hovudtrekka på eit par avissider.

Relasjonen til Setesdal fekk han då han var med i felttoget i Setesdal i starten av krigen. Sjølv om den saka var tapt etter få dagar, vart han med i motstandsrørsla som telegrafist og etter at han i april fekk eit telegram om flydropp av våpen i Bykle, reiste han opp og tok imot droppet saman med Jon Bjåen. I 1942 gifta han seg med Torbjørg Stavenes frå Bykle. Kveitebrødsdagane deira vart ikkje heilt som i våre dagar, mot slutten av 1942 måtte dei flykte til Sverige. Gestapo heldt vakt ved heimen til Torbjørg i Bykle, sidan måtte søstera hennar og  anna slekt sitje eit år på Grini.

Korleis det gjekk med Andreas Lone kan du altså lese i dagens eksemplar av Fædrelandsvennen. Magne Haugland har skrive ein svært lesverdig artikkel.

Eg slo opp i Bykleboka for å sjå kva dei skreiv om Torbjørg og Andreas, men det var nesten ingenting å finne der:

  • Torbjørg, f 1912, d 1994, g m Andreas Lone, Flekkefjord, f 1909, d 1981, born:
  • Knut Jostein, f 1946
  • Anna Helga, f 1948

Så her kan det nok vere grunnlag for ein artikkel i Setesdalswiki etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *