
4. mai 2016 stod det ein artikkel i Fædrelandsvennen om at det var sett opp eit minnesmerke ved Auversvatn frå flydropp der under krigen. Då var også Jøssingbu nemnt, og fredag 1. juli var det igjen ein artikkel i Fædrelandsvennen der Jøssingbu var omtalt. Der var det så mykje informasjon om denne bua at eg tenkte at eg hadde nok til ein artikkel, men så googla eg litt i Heimar og folk i Bykle og fann meir informasjon. Alt samla eg i ein artikkel om Jøssingbu på Setesdalswiki. Det er nokre røde lenker i artikkelen, men etter kvart vil eg skrive meir og gjere dei blå.
Klikk på lenka og les artikkelen.
Etter info så er namnet Auersvatn , ikkje Auversvatn ?!? Eller ?
På kartet heiter det Auversvatn, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Auversvatn Men det er sikkert fort gjort å ete opp den -v-en munnleg. Om du googlar det, kjem det også opp referanse til vatnet aust for Hovden.