Konsertdag

Share

I morgon onsdag er det igjen tid for konsertar i Valle og Bykle. Først er det konsert klokka 11 i Hylestad kyrkje, så klokka 14 i Bykle gamle kyrkje. Henrik West avsluttar så dagen i Valle kyrkje med konsert klokka 19.30. På programmet onsdag 13. juli finn vi komponistane Georg Böhm, Niels Wilhelm Gade, Oskar Lindberg og Johann Sebastian Bach. Den sistemnde komponisten sin kjende toccata og fuge i d-moll står på programmet i morgon kveld, Gammal fäbodpsalm från Dalarna står også på programmet. Eg skulle gjerne vore der og vonar at mange finn vegen til kyrkjene i Øvre Setesdal i morgon.

Henrik West ved orgelet i Bykle kyrkje. I morgon spelar han i Hylestad kyrkje klokka 11 og Bykle gamle kyrkje klokka 14
Henrik West ved orgelet i Bykle kyrkje. I morgon spelar han i Hylestad kyrkje klokka 11 og Bykle gamle kyrkje klokka 14

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *