Landeskogen 100 år

Share

30. juli skal Landeskogen markere 100-årsjubileet. I går var det ein interessant artikkel i Fædrelandsvennen om dette. Det var Halvor Fjermeros som hadde skrive den. Han kjenner vi best som politikar for Rødt i Kristiansand, men han er forfattar, har tidlegare vore journalist i Klassekampen og før det igjen utdanna vernepleiar som arbeidde på Emma Hjorths Hjem i Asker. Han skreiv boka til 100-årsjubileet for institusjonen og har interessert seg for arbeidet for psykisk utviklingshemma. Landeskogen hadde jo ein del år som slik institusjon.

Eg skreiv til Halvor Fjermeros og spurde om vi kunne få manus til artikkelen og legge det ut på Setesdalswiki, og i dag fekk eg det, så no ligg det ei lenke til artikkelen hans i vår artikkel om Landeskogen. Hans artikkel viser samanhengen som Landeskogen står i, med utbygginga av store institusjonar for å kjempe mot tuberkulosen som herja landet og tok mange liv.

Takk for artikkelen, den ga godt innhald til Setesdalswikis stoff om Landeskogen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *