På bibelcamping

Share

I dag reiste eg til Evjetun på bibelcamping. Det er vel førti år sidan sist eg var på bibelcamping, då var det Justøya som var staden. Når eg tenkjer meg om, har eg vore på eit par kveldsmøte på Lyngdal også, men denne gongen kom eg alt i firetida og fekk difor nokre timar på Evjetun.

Bakgrunnen var at Oddvar Høgevoll inviterte meg til å kome, han skulle synge og ville gjerne vite litt meir om Setesdalswiki, og så kunne eg skrive litt om bandet hans. Så vi sat og prata ein time før han måtte på lydprøve, og så gjekk det endå eit par timar før møtet tok til.

Men då møtet starta var salen temmeleg full av folk frå dei minste til pensjonistar. På Evjetun har dei ein flott møtesal og dei har heile området for seg sjølv, så der er det ikkje dei lydproblema som Justøy har hatt i år. Difor kunne bandet ha fullt trykk då Oddvar starta med Hele himmelen er åpen over meg, kjenningsmelodien hans.

Kven er det som er på bibelcamping på Evjetun? Jo, det er rogalendingar. Komiteen består av folk som har vore på campingen tidlegare, og utanom dei tilsette på Evjetun er det bare ein lyngdøl, elles kjem dei frå Rogaland. Eg prata med André Jacobsen, han hadde vore med familien i 16 år, ungane visste ikkje noko anna og ville ikkje noko anna. For dei var det bibelcamping på Evjetun som var sommarprogrammet.

Så eg trur ikkje det var mange setesdølar på dette møtet. Musikarane Oddvar hadde med seg var heller ikkje setesdølar. Musikarane hans skiftar etter som dei har høve til det, så han har ei lang liste med folk han kan kalle på når han skal setje saman country gospel bandet sitt.

Ein time av kveldens program var konserten til Oddvar. Deretter var det kollekt og så ein kort og poengtert andakt av Per Tveten før folk samla seg i stova på Evjetun til kaffe og kake og hyggeleg prat. Dei som ikkje trivast i slikt selskap, med hyggelege samtalar over ein kopp kaffe, får heller finne seg noko anna å gjere.

Evjetun er ein lagleg plass for eit slikt arrangement og då eg spurde om det var ledig rom, fortalde dei at alt var fullteikna, så eg måtte finne meg annan plass for natta. Men hyggeleg oppleving, det hadde eg denne kvelden.

Oddvar Høgevolls country gospel band i hallen på Evjetun 2016. Foto: Harald Haugland
Oddvar Høgevolls country gospel band i hallen på Evjetun 2016. Foto: Harald Haugland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *