Paul Olaf Bodding

Share

Oppreisning

Dei siste dagane har eg lese ei interessant bok om misjonæren Paul Olaf Bodding. Han var santalmisjonær, og sjølv om eg har hatt auge for Santalmisjonen heilt frå eg var ung, var det mykje eg ikkje visste som eg her fekk meir forståing for.

Nynorsk wikipedia skriv om han: Paul Olaf Bodding var son av den første bokhandlaren på Gjøvik, Edvard Olsen Bodding og kona hans, Betzy Emilie (f. Wennevold). Dei hadde (ifølgje Vardal kyrkjebok) kome flyttande til Gjøvik frå Nes på Romerike 3. januar 1883. I oktober 1882 hadde E. O. Bodding starta som bokbindar. Ikkje lenge etter etablerte han den første bokhandelen i Storgata 17 på Gjøvik i Oppland. Denne forretninga har hatt samanhengande drift sidan Bodding si tid, men under vekslande namn og ny adresse. Forretninga blei i mange år ført vidare av familien Landmark i Storgata. I dag er verksemda del av bokhandlarkonsernet Norli i Hunnsveien 2. Den verdskjende misjonæren Lars Olsen Skrefsrud (FråFåberg/Lillehammer) var titt innom forretninga til Boddingfamilien og kom til å få stor innverknad både for innehavaren og dei tilsette i bokhandelen. Mellom anna for Johanne Hagen, mor til Ingeborg Refling Hagen, som grunnla Suttung-røyrsla. Johanne fekk arbeid i bokhandelen som tenåring og hadde høve til å følgje undervisninga Paul Olaf fekk av Skrefsrud. Også Anders Sandvig, opphavsmann for Dei Sandvigske Samlingane og seinare museet på Maihaugen ved Lillehammer, budde i to periodar på 1880-talet hos bokhandlar Bodding på Gjøvik.

Om kallet til å bli misjonær har Bodding skrive  i studentboka frå 1883:

«Da Skrefsrud i 1881 var kommet til Europa og jeg leste om hans misjon, følte jeg meg sterkt tiltrukket, og jeg uttalte for min mor ønske om å komme til santalene. Først det følgende år kom Skrefsrud til mitt hjem, som han hadde vært en venn av helt siden begynnelsen av sekstiårene. Da tilbød min mor meg til Santalmissionen, og tilbudet ble mottatt med takk. Fordi misjonskallet slik har behersket mitt liv, er det naturlig at min utvikling har fått preg av dette. Den personlige klarhet kom jo først senere, allikevel fikk jeg allerede i skoleårene et bevisst mål – å søke å utdanne meg for livet som skulle komme. I skoletiden og studietiden syslet jeg derfor meget med utenforliggende fag, særlig språk og etnografi, og også naturfag»

Oppreisning, misjonæren og vitenskapsmannen Paul Olaf Bodding 1865-1938, Luther forlag, 2006 er skriven av Olav Hodne, sjølv misjonær i Santalmisjonen i mange år. Tittelen på boka tyder på at det har vore ein vanskeleg situasjon, og den skal eg fortelje meir om i eit seinare innlegg på bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *