Pensjonistar på talarstolen

Share

Eg har ofte sagt at ein kan få artikkel på Setesdalswiki om ein har reist gjennom Setesdal. Det betyr at folk som har vore innom og halde foredrag eller talt på møter gjerne har fått omtale om eg har kapasitet til å skrive.

Denne veka er det Bygland Bibel- og naturcamp og der står pensjonistar på talarstolen. To tidlegare stortingsmenn held bibeltimar og kveldsmøter og ein pensjonert professor skal kåsere på kulturkvelden i morgon. Alle hadde artiklar på Wikipedia frå før, men no har dei også fått artiklar på Setesdalswiki. Medan eg før laga lenker til artiklane på Wikipedia, lagar eg no ofte heller artiklar som kanskje får eit litt anna perspektiv eller fokus.

Det er jo trong for talarar i ulike samanhengar og då er det godt at ein har pensjonistane som kan bidra. Anfin Skåheim, som vart gravlagd i dag, var aktiv som talar til han fekk kreft for 7 månader sidan, til glede for svært mange som fekk høyre han i åra etter at han ikkje lenger hadde administrative oppgåver. Slik er det og med mange andre prestar som tek tenester etter at dei har blitt pensjonistar. Dermed hjelper dei kyrkja til å halde program i gang også når dei tilsette skal ha fri.

Dersom du har høve til det, bør du ta turen innom på KVS Bygland denne helga og få med deg noko av livsvisdom og erfaring frå talarar som er over sin første ungdom .

KVS Bygland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *