Rulleski i regnver

Share
Foto: Ivar Brekken
Foto: Ivar Brekken

Eg hadde i grunnen sett fram til programmet på NRK i dag der dei skulle overføre heile langløpet på 60 km frå Blink-festivalen på Ålgård. Der løpet starta har eg sprunge mange gonger for å rekke bussen til Sandnes då eg gjekk på realskule og gymas.

Medan vi såg på løpet, sa vi til kvarandre at no var det lenge sida vi hadde kjørt på dei vegane, nokre av strekningane meinte Reidun at ho knapt kunne hugse vi hadde kjørt.

Det var difor eit triveleg gjenstyn med område som eg hugsar frå ungdomstida, men no er det nesten 50 år sidan eg budde på Ålgård, så mykje har forandra seg. Sjølv om vi har vore på besøk der tidvis, har det gjerne blitt at vi besøkte familie, så å vere turist i mitt heimemiljø hadde vore fint.

Å gå 60 km på rulleski i regnver må vere ein kraftprøve av dei store. Mange kjente skiløparar stilte til start, og NRK synte alt saman. Det var ikkje mange fall, hoppa over feristene var elegante for dei fleste, i alle fall når dei fekk litt fart og ikkje var midt i feltet.

Eg kunne ikkje anna enn å bli imponert over trenarane som sykla dei 60 km med stav i handa og drikkeflasker for å hjelpe utøvarane sine. Då eg sa det til Reidun, meinte ho at det kanskje var fleire trenarar som bytta på sykkelturen.

Mange hadde trudd at det skulle bli avgjort i bakken opp frå Oltedal, men truleg var veret slik at det ikkje var råd å få ei luke for dei som prøvde. Det plaska ned, reporteren snakka om at dei hadde skjermar på skia så det ikkje skulle sprute så mykje på dei som kom bak, men eg tenkjer nok at dei var gjennomvåte både i sko og resten av klede og kropp når dei kom i mål. Dei såg likevel ut til å ta veret med fatning, ofte er det vel slik at regnet er verst før ein kjem ut.

Eg fekk Gjesdalbuen, avisa frå Ålgård i går. Der var det mykje stoff om arrangementet og oppfordring til folk om å ta seg ut og lage folkefest. Men veret gjorde at det ikkje vart som vi kan sjå i Tour de France, der tusenvis av folk kransar løypa. Her fekk dei nok gå i fred for det meste, det var bare dei mest ihuga entusiastane som tok seg ut for å sjå løpet live, som det heiter på moderne språk.

Men for oss som sat i sofaen heime, var det god underhaldning, sjølv om vi måtte bytte kanalar nokre gonger. Det er jo ikkje populært, men det gav NRK høve til å syne nokre fleire reklameplakatar og kanskje dermed å kunne skrive nokre fleire rekningar til sponsorane. For meg og Reidun er det jo også interessant at bildene vart formidla av Sigmund, yngste sonen vår, som jobbar i selskapet som stod for TV-produksjonen.

BIldet i kveld er det min gamle venn Ivar Brekken som har teke, han bur på VIP-tribune i høve til eit slikt arrangement, han har fått seg husvære i blokka over Amfi kjøpesenter på Ålgård.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *