Statistikk

Share

Statistikk er interessant, sjølv om det kan vere feil i han. Setesdalswiki har hatt ein statistikk nederst på kvar side som har synt talet på sidevisningar for den aktuelle sida. Mange har likt den enkle statistikken og prøvd å fylgje med på kor mange som les sider dei er interesserte i eller omtalte på.

Men etter oppgraderinga i går la eg i dag merke til at statistikken var borte. Eg spude Helge om dette, og han kunne då fortelje at statistikken var teken ut ved den oppgraderinga vi no hadde gjort.

Dei store wikiane har eksterne statistikkprogram som kan nyttast av interesserte, for over alt er det folk som likar slikt. Men dei som utviklar Mediawiki meinte at statistikken i programmet var lite tenleg og brukte for mykje datakraft, så dei tok bort tenesta. Dei ser jo mest på dei store wikiane, slike små wikiar som Setesdalswiki kan bruke programmet, men må sjølvsagt sjå at dei store bestemer utviklinga.

Så frå no av er det ikkje råd å få vite kor mange som har sett på sidene på Setesdalswiki. Eg vonar likevel at leksikonet vil vere tenleg for alle som er interessert i Setesdal og Indre Agder.

Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *