Gode tankar i natta

Share

Når ein har lagt seg er det ofte at dei gode tankane kjem svivande om kva ein kan gjere eller kva ein kunne ha gjort. Ei stund hadde eg penn og papir ved sida av senga for å kunne skrive ned dei gode tankane, men alt for ofte sviv dei vekk i løpet av natta og så er dei borte neste dag.

Men i går minna eg meg sjølv om å ringe til banken for å få stoppa trekk på husleie i Valle. Der møtte eg trivelege Ingunn og fekk ein hyggeleg prat på morgonkvisten. Å vere kunde i ein bank der ein er kjent er noko anna enn å ha ein kundekontakt ein aldri har møtt.

Men ein kundekontakt ein aldri har møtt kan og vere hyggeleg å møte. Øystein har eit fast uttrykk når han har fått hjelp av ein slik kundekontakt, som oftast er det ei kvinne. Ho var veldig fin, seier han, sjølv om vi ikkje har videotelefon til vanlege samtalar enno.

Videotelefon er forresten veldig fint når ein skal ha ein prat med barnebarn. Då kan dei vise leiker og byggverk på ein heilt annan måte enn det vi kunne tidlegare, så Skype er eit fint alternativ i slike situasjonar. Men i praksis tyr vi helst til telefon utan bilete i andre samanhengar.

Så låg eg der i natta og funderte på om det ikkje var eit system eg kunne nytte for å finne bilete og kunne bruke på Setesdalswiki når eg skreiv artiklar om folk basert på stoff frå Setesdølen. I avisa har dei sagt at eg må bare seie i frå, så kan dei sende bilete, men i praksis vert det ikkje til at eg gjer det.

Men i natt såg eg lyset. Eg kunne jo bare gå på nettet med problemet mitt, så ville eg sikkert finne ei løysing. I dag gjorde eg det, og det tok ikkje lang tid før eg fann eit program som kunne klyppe ut bilete frå framsida på Setesdølen. -Det må eg prøve, tenkte eg, lasta opp framsida på avisa for 19. august, og etter litt prøving og feiling kunne eg klyppe ut Einar Bygland frå avisa og legge inn i artikkelen eg hadde laga om han, basert på intervjuet Sigurd Haugsgjerd hadde. Artikkelen på Setesdalswiki var kort, for leksikonstoff er ikkje det same som portrettintervju. Så den som vil lese intervjuet, må gå i avisa, den som vil vite kva årstal han er fødd og kva han har arbeidd med, vil kunne få litt peiling i Setesdalswiki. Og her er biletet eg klypte ut:

Einar Bygland. Foto: Sigurd Haugsgjerd
Einar Bygland. Foto: Sigurd Haugsgjerd

Mormor danset i regnet

Share

Mormor danset i regnet

Dette er tittelen på ein roman av Trude Teige. Han kom i Bokklubben i august, men eg avbestilte boka. I staden fann eg henne som e-bok på biblioteket.

Det fine med e-bøker frå biblioteket er at dei leverer seg inn sjølv etter tre veker. Det fine med bibliotekbøker er at dei ikkje fyller opp bokhylla, som jo er alt for full frå før.

Eg kjem ikkje til å skrive på bloggen om alle bøker eg les, men denne boka gjorde inntrykk, så eg vil gjerne anbefale den til deg som les bloggen, anten i den eine eller andre forma.

Boka handla om ei norsk kvinne som vart forelska i ein tysk soldat under 2. verdskrigen. Ho valde å fylgje han til Tyskland då krigen slutta og dei tyske soldatane vart sende tilbake. Han kom frå aust i Tyskland, der hadde russiske soldatar teke heimen hans.

Etter mange vanskelege dagar i Tyskland kom ho tilbake til Norge go vart gift. Det er barnebarnet hennar som leitar fram historia til bestemora etter at både mora og bestemora er død. Dermed syner forfattaren at hendingar som ligg langt tilbake i tid, kan vere aktuelle for folk som lever i våre dagar.

Ein roman er fiksjon, men Trude Teige har gjort grundig research og har leita fram hendingar som få kjende til og teke dei med i boka. Difor vert det ei ekstra interessant forteljing. Eg fortalde tidlegare om boka av Isabel Allende som også handla om lite kjende hendingar under 2. verdenskrigen. Ho skreiv om korleis japanske immigrantar vart internerte i USA sine konsentrasjonsleiarar. Det er interessant å få slike tidsbilete frå hendingar som har prega vår kultur sidan krigen slutta. Vi trudde kanskje vi var ferdige med desse, men bøkene viser at mange ber på konsekvensane av handlingar i den tida også etter at dei som opplevde det, er døde.

Samstundes viser det at ein kan overleve situasjonar som vi knapt kan forestille oss. Dessverre er det aktuelt også i vår tid. I mange år framover vil verda vere prega av krigen i Syria og Europa arbeide med å integrere flyktningar som kjem til Europa. Det gjeld ikkje bare Italia og Hellas, men dei fleste europeiske landa.

Saunes-kveld

Share
Laurdag 27. august 2016 rann vatnet over Dam Sarvsfoss og skapte eit lokalt Niagarafall i Bykle. Foto: Geir Daasvatn
Laurdag 27. august 2016 rann vatnet over Dam Sarvsfoss og skapte eit lokalt Niagarafall i Bykle. Foto: Geir Daasvatn

I morgon har Siri Johannessen lagt opp til ein Saunes-kveld i Valle Radio. I timen frå halv åtte til halv ni vil ho fortelje om mannen og spele songar han var kjent for.

Elles legg ho opp til ein aktuell time. Og Postludium vil halde fram med Niklos K. Besteland med annankvar tysdag. I morgon vil Siri sjølv presentere kyrkjemusikk.

Her er programmet:

Tysdag 30. august
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel.
18.30 Aktuell time
19.30 Eit møte med Randulf Saunes – mannen og musikken
20.30 Postludium med kyrkjemusikk
21.00 Kyrkjebakken

* [https://www.facebook.com/Valle-Radio-315158359845/?fref=ts Facebook]
* [http://blog.setesdalswiki.no Bloggen]
* [http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside Setesdalswiki]

Litt av kvart

Share
Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Setesdalswiki veks og runda eit nytt hundretal i går. Sidan nyttår har vi auka med over 1000 artiklar. Når eg no er blitt pensjonist, gleder eg meg til å få betre tid til skrivinga.

Når ein skriv ein wiki, blir det fort at ein skriv om litt av kvart. Ettersom Setesdalswiki i stor grad baserer seg på informasjon frå Setesdølen, vil det også bli eit stort mangfald. Det som i utgangspunktet skulle vere eit leksikon der næringslivet kunne få vite om andre aktørar, har blitt eit altomfattande leksikon med relasjon til dei indre bygder i Agder. Setesdølen og Valle Radio har vore viktige leverandørar av tema for det vi skriv om.

Det er ei glede å kunne presentere nokre av artiklane her. Vi har fått til eit samarbeid med Setesdølen slik at vi får ta listene frå omsetning av eigedomar månad for månad. No ligg alle listene frå juli i Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Bykle, Valle og Åseral ute. Du kan altså få sjekke ein gong til om du ikkje hadde tid til å lese gjennom lista då ho stod i avisa.

Her er artiklar eg skreiv i dag:

Stev

Share

 

Eg veit ikkje kven som diktar steva som Britta Lise legg ut på Valle Radio si side. I går kom dette:

«Når morgonsoli iv nutan renne,
ei livsfornying eg då fær kjenne.
Når slik eg møter ein ljose dag,
det æ helsebot i kvert andedrag.»

Stevdikting er ein eigen kunst i Setesdal. Det er samla svært mange stev i Stevdatabasen som Agder Folkemusikkarkiv driv. Kirsten Bråten Berg og Astri Rysstad har også laga ei eiga samling Stev for dagen med stev for 365 dagar.

Men ein kan lage eigne stev også. Det er fint at folk held fram med å skape i denne korte forma. På sitt ypperste kan ein skape stevleik på direkten, sjølv om eg vel helst har sett at folk som kan mange stev, finn stev som andre har laga og brukar dei i slike situasjonar.

I dag var det 5-600 menneske samla på Helle då tre sauefjos vart opna av landbruksminister Jon Georg Dale. Der kunne kanskje eit stev som dette passe:

På Heddi heve dei mykje smale,
tri nye fjos opna statsråd Dale.
Så mange folk var i Oppigard
som truleg aldri det vore har.

Eg måtte fundere litt før det var på plass. Om eg skulle vore med på ein stevleik og dikta det på direkten, hadde eg truleg fått jernteppe. Difor må ein beundre dei som får slikt til på sparket. Men når ein får det til i ein aktuell situasjon, kan det bli både moro og imponerande.

 

 

Kakefest

Share
Kommunal bløtkake til elevar og lærarar. Foto: Harald Haugland
Kommunal bløtkake til elevar og lærarar. Foto: Harald Haugland

Det vart litt av ei festveke, denne siste veka på jobben. Først var det kakefest i Valle Radio med ostekake. Den klarte ikkje dei som var i radioen å gjere ende på, så restane måtte eg ta med meg. Dei hamna i kjøleskapet i Valle.

Så var det ny kakefest torsdag. Då hadde kommunen kjøpt inn to kaker, ei til å markere avslutning saman med elevane på Valle Vaksenopplæring og ei då rådmannen og vi tilsette hadde markering etterpå. Der fekk eg og restane med meg heim. I tillegg inviterte husvert Jorunn oss på kaffe og eplekake torsdag kveld.

Så mange trivelege kakefestar har eg heldigvis ikkje til vanleg, for då hadde eg hatt mange fleire livsstilsjukdomar enn eg alt har.

Så kom dagens utgåve av Setesdølen, der hadde Sigurd Haugsgjerd laga reportasje frå timen i Valle Radio. Det vart kakefest då også, for restane frå festane måtte jo også gjerast stas på.

Men no får det bli nokre dagar utan kake. Det skal også bli godt. Eg var helst noko utlada i dag, så det vart meir kviling enn skriving.

Men takk for alle gode kommentarar til gårsdagens blogg. Nå er det nok snart på tide å skrive om programma i Valle Radio att. Eller om andre aktuelle tema som måtte dukke opp i nærmiljøet.

Avslutning

Share
Rektor Henri Tore Viki, rådmann Eivind Berg, lærar Andreas Veiersted og lærar Øystein Berg ved avslutninga. Foto: Harald Haugland
Rektor Henri Tore Viki, rådmann Eivind Berg, lærar Andreas Veiersted og lærar Øystein Berg ved avslutninga. Foto: Harald Haugland

Etter 25 år som tilsett i Valle kommune hadde eg min siste arbeidsdag i dag. Det vart ei fin oppleving. Desse siste dagane på jobb har stort sett gått med til å hjelpe der det trongst hjelp, men i dag var det tid for å levere inn nøklar, så ut på dagen gjekk turen til Velkomstsenteret i Kommunehuset. Der fekk eg levert inn nøklar med ulike nummer, til og med ein nøkkel til Hylestad kyrkje som eg har hatt i 25 år. Den har vore lite brukt dei siste åra. Det er vel rettast å seie ubrukt. Personalsjef Øyvind Olsen og teknisk rådgjevar Torleif Homme fekk eg og slå av ein prat med.

Så var eg innom IKT-avdelinga og sa takk for all hjelp og støtte eg har fått frå Jamie og Jørund gjennom åra. Jørund lurte på kva eg skulle gjere som pensjonist, då sa eg at det var mange røde lenker på Setesdalswiki som eg kanskje kan få høve til å gjere blå framover. Han lufta då ein ide om at vi kanskje kunne legge lydlenker til sendingane der, det hadde jo vore fantastisk, så det får vi kome tilbake til.

Deretter hadde eg ein hyggeleg prat med Inga på folkeregisteret om det var nødvendig å få nytt skattekort, men vi enda opp med å halde på det skattetrekket som var etablert, resten av året er kort.

Tida gjekk fort, vi hadde avtalt å ha ei lita avslutning med elevane klokka halv to, og eg kjøpte krone-is til denne markeringa. Då heldt Øystein ein fin tale, og det var også mange gode ord å få med på vegen frå mange av elevane. Så kom også kake på bordet, halvtimen som var sett av til dette, gjekk svært fort.

Offisiell avslutning starta ti over to, då kom rektor Henri Tore Viki og rådmann Eivind Berg med kaffe, brus, kake, gode ord og takk. Med takken fylgde etter reglementet kommunen si gåve når tilsette  vert pensjonistar, eit gåvekort på 3000 kroner. Rådmannen måtte gå i eit nytt møte, men Henri Tore vart sitjande og vi hadde ein hyggeleg prat saman.

Ved firetida kom eg opp i Leitelli 9. Der hadde Reidun kome og begynt å pakke det siste inn i sin bil, og så var det å pakke inn i min bil det som skulle inn der, få levert nøkkel til han som skal flytte inn og kome seg av garde. Vi hadde lova å kome innom til Jorunn Lund Tveit på Rysstad før vi reiste, der var det kaffe og prat, så tida gjekk så alt for fort.

Ved 23-tida var vi heime att. Då var også avslutninga avslutta.

Sandvigvatnet

Share

For eit par månader sidan, 11. juni, skreiv eg om Håhellervatn på Setesdalswiki. Då eg googla litt, oppdaga eg at det offisielle namnet på vatnet er Sandvigvatnet. Vatnet ligg på grensa mellom Valle og Sirdal og Aust- og Vest-Agder.

I sommar tok eg turen over fjellet og då undra eg meg over at sjølv dei offisielle skilta like vel snakkar om Håhellervatn. Namnet på rasteplassen er Håhellervatn rasteplass, der har dei sett opp eit hus med alle facilitetar, midt i landskapsvernområdet. Ein skulle jo tru at dei eine etaten veit kva den andre gjer, men Kartverket og Vegvesenet snakkar visst ikkje saman.

Eg trur vel og at folk flest kallar vatnet for Håhellervatn. Det offisielle namnet har eg vel aldri høyrt i bruk. Då tenkjer eg at Kartverket burde endre namnet, slik at kartet stemmer med terrenget, i dette tilfellet med bruken.

Skilt til Håhellervatn rasteplass. Foto: Harald Haugland
Skilt til Håhellervatn rasteplass. Foto: Harald Haugland

Takk

Share
Ørnul og Harald med biletet Gangardans av Olav Bjørgum. Foto: Øystein Berg
Ørnul og Harald med biletet Gangardans av Olav Bjørgum. Foto: Øystein Berg

Det er ikkje rett å seie at eg vart mållaus, for eg snakka jo med folk. I kveld hadde Siri bedt meg vere med i den aktuelle timen som samtalepartnar for dei gjestene ho skulle ha. Ettersom eg hadde lova å ha kåseriet i starten av sendinga og Sangkveld i tillegg til å vere samtalepartnar med Niklos under Postludium, betydde det at eg kom til å få ein nokså vanleg kveld i radioen sjølv om det var Siri som var ansvarleg.

Då klokka var 18.30 kom Jorunn Lund Harstad inn i studio, ho skulle også vere med, fekk eg høyre. Så kom eit opptak med Styrk Fjærtoft Trondsen der tema var meg, og då skjøna eg teikninga. Tema for den aktuelle timen var Harald Haugland. Då Styrk var ferdig, kom Signe Sollien Haugå inn, ho var på korpsøving, som ho pleier på tysdagane. Ho skulle ikkje fortelje om Setesdal Åhoi eller andre prosjekt til Regionrådet, nei ho skulle seie fine ord om meg.

Medan ho snakka, kom Lisbeth Dalquist Homme inn i studio. Med henne vart det ein prat om bibliotek, bøker og program vi hadde saman for lang tid tilbake. Ho las og eit dikt om å vere pensjonist, det var nydeleg, sa ho.

Største overraskinga i kveld var nok at Øystein Berg dukka opp. Min gode kollega på Valle Vaksenopplæring har sagt ein gong for alle at han ikkje ville i radioen, ikkje eingong på telefonen, meiner eg at han sa. Det har eg respektert, sjølv om eg har undra meg over det. Vi har vore gode saman på skulen, og eg er sikker på at han hadde vore fin i radioen. Med han i studio kom fleire takkens ord.

Eigentleg skulle også Theis Salvesen vore med, men hans telefon var ute av rekkevidde då Siri prøvde å nå han. Men han fekk endeleg spele Rammstein i ei sending eg deltok i, så truleg var han godt nøgd.

Deretter kom Bernard Emmelkamp og Oxana, musikarane som gifta seg i Valle kyrkje utan musikk, som Lisbeth sa. Og så kom kyrkjesjef Sissa med helsing og takk, det var opptak, for kyrkjestaben var i Bykle på oppstartmøte.

Alt før klokka 19 hadde eg sett Sigurd Haugsgjerd med fotoapparat i teknikken. Han kom inn i studio og tok bilete og fortalde om samarbeidet vi har hatt om Setesdølen og om kva nytte han har av Setesdalswiki. Det var hyggeleg å høyre, i alle dei 25 åra eg har budde i Valle har eg sett stor pris på Setesdølen og vore innom på kontoret hans mange gonger og diskutert saker og avis med han. Han minna meg på at eg og hadde vore med i skriftstyret for Jol i Setesdal for mange år sidan.

Så kom Reidar Tveito på telefonen. Han har vore ein sterk medspelar i Setesdalswiki og vi har gjenstidig inspirert kvarandre. Deretter var det eit opptak med Geir Daasvatn. Han sparka fotball og kunne ikkje vere med på direkten, men også han er ein viktig medspelar når det gjeld Setesdalswiki.

Før Ørnulf Hasla runda av heile timen, var også ordførar Steinar Kyrvestad på tråden frå Møsvatn med gode ord for arbeidet eg har gjort i radioen, og det fylgde Ørnulf opp då han takka og ga meg biletet Gangardans av Olav Bjørgum, håndkolorert. Han meinte at eg var interessert i folkemusikk også, ikkje bare kyrkje- og bedehusmusikk, så han vona at eg ville setje pris på biletet. Og det gjorde eg, Bjørgum sine bilete er kostelege.

Takk til Siri som planla alt dette utan at eg visste noko om det. Medan  Rammstein sin musikk vart spelt, serverte Jorunn ostekake og eplekake (potet) og eit stort fat med frukt. Då timen var over, tok Siri over Sangkveld og spelte programmet eg hadde lagt opp der. Så fekk eg ein time med gjestene ute i salongen. Det sette eg stor pris på, salongen i Valle Radio høver sjeldan godt til ein prat.

Så bar det inn i studio att til siste halvtimen med Niklos, han hadde funne fram musikk av César Franck, og så kunne vi runde av med vakker orgelmusikk før vi gjekk på Kyrkjebakken og spurde nytt både frå nord og sør i dalen.

Takk for ein flott kveld!

Siri ansvarleg

Share
Frå rosemålinga i Bykle gamle kyrkje. Foto: Siri Johannessen
Frå rosemålinga i Bykle gamle kyrkje. Foto: Siri Johannessen

I morgon er Siri Johannessen ansvarleg for Valle Radio. Eg skal vere med i studio denne kvelden, men ho har ansvaret. Eg sende dette programmet til avisa:

Tysdag 23. august

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel. Eh Ka Mwee Sein held andakt
18.30 Aktuell time
19.30 Sangkveld. Gjest: Harald Haugland
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Medan eg har hatt andaktane frå Over ein open Bibel, vil Siri prøve å variere med å få andaktshaldarar i studio. I morgon kveld er det Eh Ka Mwee Sein som kjem i studio. Kanskje har han også med seg lokale songkrefter. Som småbarnsfar er det vanskeleg for han å kome frå, så vi måtte gje opp å ha program på burmesisk. Denne gongen vil han ha andakten på norsk.
Kven Siri får med seg i Aktuell time, veit eg ikkje så mykje om, men ho ville ha ein telefonprat med Signe Sollien Haugå. Sjølv skal eg lage Sangkveld før Niklos K. Besteland kjem i studio. Han vil halde fram med Postludium også etter at eg har slutta. Det er eg glad for.
Takk for at du høyrer på Valle Radio. Om du ikkje gjer det, takk for at du les bloggen.
PS
Melding frå styret, som hadde møte i kveld:
Vanlege onsdagssendingar startar onsdag 7. september.
Det blir tur til Kristiansand for medarbeidarane i Valle Radio 10.-11. september.