
I morgon fredag klokka 20 startar arrangementet med evangeliske songar på Ose grendehus. Oddvar Høgevoll har vore primus motor for dette i mange år, folk søv på Reiårsfossen camping eller der dei elles måtte ønske, og så samlast dei til ei helg med song og kristent fellesskap. I dag la Oddvar til og med ut eit lite opptak på Facebook der han syng og etterpå inviterer folk til å kome på arrangementet.
Eg hadde gleda av å treffe Oddvar Høgevoll tidlegare i sommar då han song på Evjetun bibelcamping. Då skreiv eg om nokre av musikarane han har med seg i Oddvar Høgevolls country gospel band. Dette er ei musikkgruppe som knapt er likt samansett to gonger etter kvarandre, han finn folk til å vere med som har tid og høve til det. Ingen av dei som skal vere med denne helga, var med på Evjetun den kvelden eg var der.
Modellen for ei slik helg har Oddvar Høgevoll frå dei svenske Minns du sången-programma. Dei har spreidd seg til Norge gjennom Evangeliske sanger i sør, men der Evangeliske sanger i sør held på ein kveld med mange kjente artistar, har Oddvar funne si eiga form. Han lagar det til eit arrangement der alle kan vere med over ei heil helg. Med samling fredag, bibeltime/ foredrag laurdag føremiddag, friluftsmøte på Ose og to samlingar laurdag ettermiddag, gir han sangglade folk noko å delta i og å sjå fram til. Så vert alt avslutta med ei samling sundag føremiddag før folk reiser kvar til sitt.
Her er programmet for helga, henta frå Oddvars heimeside http://www.sangglede-no.com/30475457
Åpningsmøte fredag kl. 20.00:
Gla’sang fra Vegårshei og Kåre Sandaker
Lørdag kl. 10.00:
Øyvind Benestad: “Kampen for ekteskapet og barnet i en kjønnsnøytral tid”
kl. 12.00: Friluftssong utenfor Coop, Ose
kl. 13.00: Salg av lapskaus
kl. 14.30: Ettermiddagssamling med songmix
kl. 18.00: «Den store songkvelden»
Songkrefter:
Bente Risdal og Vidar Søyland
Gla’sang fra Vegårshei
Gerd og Kåre
Siri Marit Aasland
Søndag kl. 11.00: Avslutningssong
Gla’sang fra Vegårshei
Gode musikarar vert med heile helga.
Songvert: Oddvar Høgevoll
Nytt i år:
For å dekke kostnadene for helga ber vi om en frivillig kontingent på kr. 100,- pr. person pr. dag
Kollekt på alle møter.
Arr. NLM Region Sør
Du er hjarteleg velkomen til Ose!