Frå stev til sonate

Share
Alle utøvarane i Hylestad kyrkje
Alle utøvarane i Hylestad kyrkje

Årets kappleik, Setesdalsfestivalen 2016, vart avslutte i Hylestad kyrkje. Ettersom vi i går kveld reiste tilbake frå Ålgård til Valle, passa det å få med seg denne før vi returnerte til Mandal.

Alt klokka 11.45 var kyrkja temmeleg full, og då konserten starta var det sikkert opp mot hundre i kyrkjeromet. Gunnar Stubseid hadde ei innleiing der han peika på at sjølv om vi hadde instrument frå 1700-talet og slik visste kva dei spelte på i Setesdal, veit vi lite om kva dei spelte og korleis det var. I Europa derimot, har vi mykje musikk frå barokken, som vi kallar stilperioden som tok slutt då Johann Sebastian Bach døydde i 1750.

Etter innleiinga spelte han eit par gorrlause slåttar, det vil seie slåttar med nedstemt felestille, som dei seier i Setesdal. Du kan lese meir om gorrlaus på Setesdalswiki. Deretter kvo Kirsten Bråten Berg nokre gamlestev og song legendevisa Agnus Dei. Etter konserten snakka eg med Vidar Lande og då sa eg at den visa hadde gjort seg godt om tilhøyrarane hadde vore med i omkvedet. Han kommenterte då at det kunne ein kanskje prøve å få til om ein skulle ha ein kulturkveld/ sangkveld i Kulturveka til hausten, og det tykte eg var ein god idé.

Å høyre Sigurd Brokke på munnharpe er alltid ei glede, i kyrkja spelte han Bestelanden og Skjoldmøyslaget, denne gongen var det den siste slåtten eg la best merke til, den spelte han på ei lysare munnharpe, som han sa.

Så flytta vi oss til Tyskland og fekk ein sats frå ein sonate av Bach som oppvarming. Den var oppvarming for fiolinisten Laurens Weinhold også, litt famlande i starten, men så vart det både livleg og djervt spel. Deretter fekk han med seg cellisten Jakob Mitterer i Rosenkranzsonate nr. 5 i A-dur med undertittel Der zwölfjährige Jesus im Tempel. Då gjekk assosiasjonane til rosenkransen sine perler som vert brukte ved bønn, men også til det ein kan forestille seg av spørsmål og svar som tolvåringen hadde i templet då folk undra seg over visdomen i samtalen han hadde med dei skriftlærde. Sonaten hadde mange små satsar, og her nyttar komponisten anna felestille, akkurat som i dei gorrlause lydarslåttane i Setesdal. I Europa var denne teknikken populær i barokken, men gjekk så ut av bruk, les eg på engelsk Wikipedias artikkel om Heinrich Biber.

Til slutt kom heile kvartetten på plass under preikestolen i kyrkja. Det var første gong ein strykekvartett spelte i Hylestad kyrkje, i alle fall etter det Niklos K. Besteland visste. Med Strykekvartett op. 76 nr 2 i d-moll av Franz Joseph Haydn gjekk vi framover i tid og forlet barokken. Folk sat fjetra over det flotte spelet av dei unge musikarane, no var også Philipp Krylov og Stephanie Drach med. Dette var første konserten som den nyetablerte Fartein Valen kvartett heldt, og då eg etterpå spurde Laurens Weinhold om dei var etablerte som ein kvartett med fast samansetning, sa han at det var dei ikkje, neste gong dei skulle spele, ville det ikkje vere dei same musikarane. Dei spelte dei fire satsane med og fekk stormande applaus då dei var ferdige. Deretter kom dei fram i kordøra og folkemusikarane kom også fram. Dermed fekk eg ta det biletet som eg nyttar på bloggen i kveld.

Som ekstranummer spelte så Laurens Weinhold Fanitullen på hardingfele, dei hadde delteke på kurs i hardingfelespel under kappleiken. Applausen var ikkje mindre etter at han synte at han også hadde stor dugleik på dette instrumentet.

Då konserten var slutt, var det kyrkjekaffe til publikum, dermed nytta mange høvet til å få ein prat både om kappleiken og konserten, og så langt eg kunne forstå, hadde det vore ein strålande kappleik med mykje folk.