Brurehesten

Share

Brurehesten cover

I dag skreiv eg på Setesdalswiki om Brurehesten, cd-plata som Sigrid Jore lanserte under Setesdalsfestivalen 2016. Då tenkte eg at den plata har grunnlag for mange artiklar på Setesdalswiki, men at eg kan for lite til å skrive dei artiklane.

Eg får sjå etter kvart korleis det går, eg hadde ein av songane hennar, legendevisa Agnus Dei, den skreiv eg om etter konserten i Hylestad krkje sundag. Framleis har eg med meg dåmen frå den konserten og tenkjer med glede på det vi fekk høyre der.

I dag såg eg i Setesdølen at Laurens Weinhold hadde vore i Sirdal og halde konsert også, der trollbatt han og pianisten publikum med sin vakre musikk. Unge musikarar i kvar sin sjanger, men det er kvalitet og innleving når dei framfører musikken, og då vert vi fjetra.

Etter kvart har Setesdalswiki fått artiklar om nesten 50 musikkalbum. Mange av dei har blitt spelt i Valle Radio, men det er alltid gildt å kunne introdusere ein sang med noko omkring sangen eller i det minste om plata. Ideelt sett skulle difor artiklar om spora på platene vore tilgjengeleg for den som vi bruke stoffet. Eg vonar at eg kan få gjort noko av det når eg blir pensjonist. Då vil det kanskje bli tid til å gå litt djupare ned i stoffet og lage artiklar som kan gje folk litt innsikt når dei les. Det er jo det som er ideen bak wikipedia-engasjementet: Fri kunnskap til folk.