Kan vi starte?

Share
Blå hjelm er ein av dei vanlegaste hageplantene, også kalla Duen i Arken. Foto: Brit Obrestad
Blå hjelm er ein av dei vanlegaste hageplantene, også kalla Duen i Arken. Foto: Brit Obrestad

Når skuleferien er slutt, har det vore vanleg at vi har starta med tysdagssendingane i Valle Radio. I grunnen avslutta eg karrieren som aktiv i radioen før sommarferien, planen var å vere konsulent når Siri overtok tysdagssendingane etter ferien. Men i dag spurde Siri om eg ville vere ansvarleg komande tysdag, og då sa eg ja til det.

Men då ho sjekka med styreleiar og redaktør Ørnulf Hasla, var det ikkje sikkert at vi kunne kome i gang att komande tysdag. Det har visst vore noko vedlikehald på det tekniske utstyret, så han visste ikkje heilt. Men teknisk sjef Jørund Georg Jore kjem heim i morgon, så då får vi vite meir om vi kan kome i gang alt no komande veke.

Eg hadde i grunnen likt det, for det har skjedd så mykje i Setesdal i sommar at det truleg ville vore greitt å få innslag til nyhetstime og andre programpostar. Sommaren har vore aktiv med mange fine oppslag i media og sikkert eitt og anna som ikkje har kome i media også, men som kunne kome med i Valle Radio.

Så i kveld sit eg og undrar meg om det vert sending eller ikkje. Og så vonar eg at det ikkje kjem styrtregn når det skal vere Naturligvis-messe på Evje og Skalldyrfestival i Mandal. For slike arrangement er alltid trivelegare når det ikkje er paraplyvêr.