Festivalar og slikt

Share
Frå Jordbærfestivalen 2016. Foto: Geir Daasvatn
Frå Jordbærfestivalen 2016. Foto: Geir Daasvatn

Sist helg var det Setesdalsfestivalen, helga før var det 100-årsjubileum for Landeskogen, det har vore Countryfestival, jordbærfestival, blueslaurdag, matmarknad og Kan du songen, KVS Bibelcamping og Bibelcamping på Evjetun og andre stevner. Denne helga var det Naturligvis – landbruksmessa og Tidløs i gruva.  Det har vore ein aktiv sommar i Setesdal, og då har eg ikkje nemnt idrettsarrangement.

Komande veke er det skulestart, då vert det nok litt rolegare når det gjeld arrangement, men Rekordfestivalen og Kulturveka er ikkje så langt borte.

Det er ikkje Valle Radio som trekkjer folk til alle desse arrangementa, for radioen har hatt sommarferie. Men tysdag 16. autust startar vi att, og om det høver slik, vil vi snakke litt med folk om arrangement som har vore. Om du les dette og har lyst til å fortelje om eit arrangement du var med på, ta kontakt med meg, så gjer vi ein avtale og slik får vi starte med eit aktuelt tilbakeblikk på noko av alt som har skjedd i Setesdal i sommar.