
I Bykle går alle på biblioteket annankvar veke. Det har ført kommunen til topps på statistikken over bibliotekbesøk pr. innbyggjar. 25 besøk pr. byklar i 2015, det gir besøk annankvar veke i gjennomsnitt.
I kveld hadde eg med Kaja Kristin Tho, biblioteksjefen i Bykle på telefonen for å fortelje om dette, ho kom til Bykle i 2007 og fekk seg arbeid på kulturhuset. Så tok ho sjukepleiarutdanning, men fekk også med seg nok studiepoeng i bibliotekfag til å få jobben i Bykle i 2013. Kommunen har biblioteka sine i grendehusa, dei er kombinasjonsbibliotek, så skuleelevar er tungt inne i dei tala, for dei går jo ofte på biblioteket. Men begge biblioteka ligg i avstand frå skulane, så elevane må ut når dei skal på biblioteket.
Ettersom avdelingane ligg i kulturhus, er det mykje folk i biblioteket sitt nærområde, og når ein har gode opningstider, på Hovden er biblioteket ope frå klokka 8 til 22 dei fleste dagane i veka, blir det mykje besøk.
I sommar hadde dei lesekonkurranse, 50 barn deltok, dei skulle lese 5 bøker kvar for å få invitasjon til festen, men mange las veldig mange bøker. Det gjekk sport i det, her talde både tynne og tjukke bøker. I september skal det vere fest for alle som klarte kravet.
Kaja tok ein pause i molteplukkinga for å vere med i Valle Radio. Ho er også aktiv i husflidslaget og fortalde at dei skal ha kurs i plantefarging med Karin Bøe i haust, og då treng dei store jerngryter som seinare ikkje kan brukast til mat.