Meir bursdagsfeiring

Share

Ettersom eg var i Valle på sjølve dagen, kunne eg ha feiring ein dag ekstra. Då eg kom heim til Mandal i kveld, var det først kokt makrell med agurksalat og rømme. Reidun hadde vore på fisketur med Jean og Kåre, naboane våre, ein av desse flotte seinsommardagane, og då hadde ho fått makrell.

Deretter kunne vi vente på på Jorunn og Ole Thorvald Moen frå Lyngdal og Unni og Harald Holmboe frå Mandal, og så vart det kaffi og bløtkake. Kanskje det var 69 bær på toppen, eg talde ikkje, men flott var kaka og god var ho også. Praten gjekk lett rundt bordet utover kvelden, så det vart ei hyggeleg samkome.

I løpet av dagen har det runne inn helsingar på etterskot også. Eg skal ikkje nemne alle dei, men det var hyggeleg å sjå at så mange likte bloggen med alle namna eg skreiv i går, Facebook seier at om eg betalar 24 kroner, kan den bloggposten nå 680 fleire lesarar, men eg droppar det.

Tusen takk for alle gåver, blomar, konfekt, og harde pakkar. Det er ikkje vanskeleg å fylle 69. Her er eit bilete frå kaffebordet i kveld. Sjølvsagt var eg for sein til å ta bilete, så kaka var på det næraste oppeten, men Harald, Ole Thorvald og Jorunn sine smil kan eg dele med dykk som les dette.

Gode vener på Eskeland.
Gode vener på Eskeland.