Å, eg veit meg eit land

Share
Lisbeth Skranes med Møysalen-bilete
Lisbeth Skranes med Møysalen-bilete

I Åseral ligg Lordehytta, jakthytta til Lord Salvesen frå Mandal. Den var 100 år i 2012. Like ved Sjøsanden i Mandal hadde den engelske lorden sommarhuset sitt, Risøbank. Kommunen har overteke huset og folk kan leige det til ulike arranement. Denne sommaren har Lisbeth Skranes utstiling av grafikk i andre etasje på Risøbank. Utstillinga er open fram til sundag, så om du reiser til Mandal i samband med Skalldyrfestivalen, kan du få ei gratis kunstoppleving med på kjøpet.

Lisbeth Skranes har eg kjent i over 30 år, for då eg var rektor på Hadsel Folkehøyskole, var ho lærar for elevane på helse- og sosial-linja vår. Ho er utdanna sjukepleiar og høvde godt til å gje elevane det faglege på ei slik linje.

Vegane våre har gått i ulik lei etter dette, men Lisbeth var i nokre år direktør for Trygdeetaten i Aust-Agder, det var før NAV si tid. Det fortalde ho meg i dag då eg var på utstillinga hennar. Frå Arendal flytta ho til Trondheim då mannen hennar fekk ein jobb der, og då tok ho eit grunnkurs i grafikk på Kunstskolen på Rotvoll i 2008. I samband med eit studieopphald på Hawaii for mannen i 2009 fekk ho høve til å studere litografi på Honolulu Academy of Arts. Etter dette vart eit av verka hennar teke med på ei juryert utstilling der, og sidan har ho stilt ut på ei rekke utstillingar i inn- og utland, inkludert den juryerte Nordnorsken, tilsvarande Sørlandsutstillinga her.

Kunsten hennar er knytt til kyst og miljø. Ho laga fleire verk til ei kunstutstilling i samband med etableringa av Møysalen nasjonalpark i Vesterålen. Ho er også blitt kjent for også å lage kunst av søppel. Om morgonen tek ho turen ut i fjæra og finn søppel, eit par plastsekker kvar morgon. Dette inspirerer til å lage kunst der ho protesterer mot forsøpling av havet og miljøet generelt.

Om du tek turen innom og ser på kunsten, sei til henne at du las om utstillinga på Blog for Harald. Det var også ein reportasje frå utstillinga i Lindesnes mandag 8. august side 8 og 9, så om du ikkje alt har kasta avisa, kan du lese om henne der også. Og om du synest det er noko rot på bordet i eit av roma, skuldast det at ho nyttar pausar når det ikkje er folk på utstillinga til ny kunst av søppel i alle regnbogens fargar.

Lisbeth Skranes med kunstverket Festen er over
Lisbeth Skranes med kunstverket Festen er over

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *