Avslutning

Share
Rektor Henri Tore Viki, rådmann Eivind Berg, lærar Andreas Veiersted og lærar Øystein Berg ved avslutninga. Foto: Harald Haugland
Rektor Henri Tore Viki, rådmann Eivind Berg, lærar Andreas Veiersted og lærar Øystein Berg ved avslutninga. Foto: Harald Haugland

Etter 25 år som tilsett i Valle kommune hadde eg min siste arbeidsdag i dag. Det vart ei fin oppleving. Desse siste dagane på jobb har stort sett gått med til å hjelpe der det trongst hjelp, men i dag var det tid for å levere inn nøklar, så ut på dagen gjekk turen til Velkomstsenteret i Kommunehuset. Der fekk eg levert inn nøklar med ulike nummer, til og med ein nøkkel til Hylestad kyrkje som eg har hatt i 25 år. Den har vore lite brukt dei siste åra. Det er vel rettast å seie ubrukt. Personalsjef Øyvind Olsen og teknisk rådgjevar Torleif Homme fekk eg og slå av ein prat med.

Så var eg innom IKT-avdelinga og sa takk for all hjelp og støtte eg har fått frå Jamie og Jørund gjennom åra. Jørund lurte på kva eg skulle gjere som pensjonist, då sa eg at det var mange røde lenker på Setesdalswiki som eg kanskje kan få høve til å gjere blå framover. Han lufta då ein ide om at vi kanskje kunne legge lydlenker til sendingane der, det hadde jo vore fantastisk, så det får vi kome tilbake til.

Deretter hadde eg ein hyggeleg prat med Inga på folkeregisteret om det var nødvendig å få nytt skattekort, men vi enda opp med å halde på det skattetrekket som var etablert, resten av året er kort.

Tida gjekk fort, vi hadde avtalt å ha ei lita avslutning med elevane klokka halv to, og eg kjøpte krone-is til denne markeringa. Då heldt Øystein ein fin tale, og det var også mange gode ord å få med på vegen frå mange av elevane. Så kom også kake på bordet, halvtimen som var sett av til dette, gjekk svært fort.

Offisiell avslutning starta ti over to, då kom rektor Henri Tore Viki og rådmann Eivind Berg med kaffe, brus, kake, gode ord og takk. Med takken fylgde etter reglementet kommunen si gåve når tilsette  vert pensjonistar, eit gåvekort på 3000 kroner. Rådmannen måtte gå i eit nytt møte, men Henri Tore vart sitjande og vi hadde ein hyggeleg prat saman.

Ved firetida kom eg opp i Leitelli 9. Der hadde Reidun kome og begynt å pakke det siste inn i sin bil, og så var det å pakke inn i min bil det som skulle inn der, få levert nøkkel til han som skal flytte inn og kome seg av garde. Vi hadde lova å kome innom til Jorunn Lund Tveit på Rysstad før vi reiste, der var det kaffe og prat, så tida gjekk så alt for fort.

Ved 23-tida var vi heime att. Då var også avslutninga avslutta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *