Crown him

Share
Komponisten George J. Elvey skreiv melodien til Kron ham Guds offerlam
Komponisten George J. Elvey skreiv melodien til Kron ham Guds offerlam

I sangtimen i går kveld hadde Siri funne fram den engelske sangen «Crown Him with many crowns». Ho undra på om den hadde norsk tekst, og eg sa at eg kjente ikkje den sangen på norsk.

Då ho kom heim, tok ho til å rote på nettet, og gjennom nettstaden nb.no, der ein kan slå opp i bøker i Nasjonsalbiblioteket, fann ho Lundes sang og salmeleksikon. Der står det at sangen står i Sangboken på nr. 98 og heiter Kron ham Guds offerlam, omsett til norsk i 1913 av Vigleik E. Bøe. I norsk versjon har han fire vers.

Salma vart skriven i 1851 av Matthew Bridges. Han var fødd i Essex1800 og døydde i 1896 i Canada. Han vaks opp i Church of England, men konverterte til Den katolske kyrkja. Omsetjaren Vigleik E. Bøe (1870-1961) var norsk-amerikansk prest fødd i Odda og ein av dei som gav ut Concordia.

Hymnary.org har mykje informasjon om både forfattar, komponisten George J. Elvey (1816-1893) og salma. Der finn du og noter i fleire versjonar.

Om Siri klarar å finne ein norsk versjon av sangen, vil du få høyre den i Valle Radio neste tysdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *