Ein tom stol

Share
Foto: Ørnulf Hasla
Foto: Ørnulf Hasla

Det er ein tom stol i Valle Radio som treng ein ny person. Radioen treng programleiar til onsdagsprogramma. Onsdagane sender Valle Radio frå klokka 19 til klokka 22.30 eller litt lenger.

Å vere programleiar betyr at du skal ha ansvar for å fylle denne sendeflata med programinnhald. Det kan høyrast mykje ut, men i realiteten er det tale om ein time av denne tida. For den første halvtimen er lagt opp til å ha Tankar frå Bibelen, deretter kjem ein halv time med informasjon frå kommunen, då kjem ein av kommunen sine tilsette og er med i ein samtale med deg i studio. Så kjem timen frå klokka 20 til 21. Den kan du disponere som du vil. Mange brukar å ha ein aktuell time der, andre brukar å ha ein gjest med noko på hjarta med seg. Det kan også vere aktuelt med eit musikkprogram.

Til slutt har det vore vanleg å ha ein time eller halvannan, frå klokka 21 til 22.30 med Opi sending, det vil seie å har rebusar som folk kan løyse og ringe inn svar. Som oftast er det faste medarbeidarar som legg opp desse sendingane, men om du er programleiar, kan du også ha ansvar for desse.

Om du melder deg til å vere med som programleiar i Valle Radio, blir du med i eit triveleg arbeid med hyggelege medarbeidarar. Du får ikkje betaling, det er dugnadsarbeid til beste for bygda og regionen, for programma vert sende til heile Setesdal.

Det er også ein tom stol på andre sida av glassruta, der sit teknikaren. Du vil få opplæring, og det er ikkje vanskeleg. Og teknikaren får vere med i det same fine arbeidet som programleiaren.

Det er i grunnen bare å melde seg på. Det er tale om ein innsats for bygda ein gong i månaden eller så, altså tre-fire gonger før jol. Det burde vere overkommeleg for mange å kunne yte så pass til beste for samfunnet de bur i. Sjølv har eg vore med frå 1997, men ettersom eg no vert pensjonist og flyttar frå Valle, vil eg ikkje kunne yte særleg meir på denne fronten. Men eg vil prøve å støtte Valle Radio frå min nye ståstad, mellom anna ved framleis å skrive om programma på bloggen min.

Når det gjeld tysdagssendingane, vil Siri Johannessen ta over dei. Men eg skal få vere med i august, og første sendinga blir komande tysdag. Onsdagssendingane startar ikkje før i september.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *